Willie Johnston

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Willie Johnston i 1969

Wille Johnston, fullt namn William McClure Johnston, (fødd 19. desember 1946) er ein britisk-skotsk tidlegare fotballspelar frå Glasgow som frå 1964 var venstreveng på Rangers FC og frå 1972 West Bromwich Albion. Johnston var ein kjapp og dribleflink spelar, men også ein hissig kar som vart utvist meir enn 20 gongar.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Johnston spelte på Rangers FC frå hausten 1964 til han i desember 1972 vart overført til engelske West Bromwich mot 138 pund. Den 27. april 1966 var han med då Rangers slo Celtic FC 1-0 i finaleomkampen på Hampden Park framfor 98 202 tilskodarar. Året etter tapte Rangers finalen i cupvinnarcupen 1967 mot Bayern München, etter ei skåring i 2. ekstraomgang. Fem år seinare vann Rangers cupvinnarcupen 1972 med 3-2 mot Dynamo Moskva, Johnston skåra då til 2-0 og 3-0. Gjennom seks og eit halvt år var han så ein profil i engelsk fotball med eit rimeleg godt West Bromwich-lag, men utan noko større klubbsuksess. Han avslutta fotballivet i fleire ulike fotballklubbar i tida 1979-85, heilt utan å utmerke seg. Han fekk likevel seg med cupfinalesigeren 1981 til Rangers FC, der han 1980-82 tente si andre periode med Glasgow-laget.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Johnston deltok i 22 landskampar for Skottland. 9 av kampane kom over ein femårsperiode 1965-70, dei resterande 13 på mindre enn 14 månader i 1977-78. Johnston spelte sin siste landskamp då Skottland i Cordoba tapte 1-3 mot Peru, lagets fyrste kamp under VM i fotball 1978 i Argentina. Han lukkast aldri skåre for Skottland.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1972 med Rangers FC
  • Skotsk cupmeister: 1966 og 1981 med Rangers FC

Kjelder[endre | endre wikiteksten]