Dødsskvadron

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Framstilling av ein massakre under borgarkrigen i El Salvador.

Dødsskvadron er ei nemning på ei væpna gruppe (eller «bande») som på eige initiativ eller på oppdrag frå andre kan utføra forfølgingar og avrettingar utan føregåande rettargang. Ein dødsskvadron kan arbeida for militære eller politiske makthavarar i eit område for å bli kvitt motstandarar, rivalar og kritikarar som dei ikkje kan kjempa mot mot effektivt med legale middel. Medlemmar til dødsskvadronar blir særleg rekrutterte i militære eller paramilitære organisasjonar og politiorganisasjonar, men dei kan òg hentast frå kriminelle bandar.

Dødsskvadronar har særleg vore brukt av militærdiktatur i Latin-Amerika i 1970- og 1980-åra. Omfattande døme frå Argentina og Chile har vore drege inn i rettssaker mot ei rekkje generalar. Presidenten i Peru frå 1990 til 2000, Alberto Fujimori, blei i april 2009 dømd for ei rekkje lovbrot, mellom desse drap utført av dødsskvadronar i hans regjeringstid. I El Salvador blei mordet på erkebiskop Óscar Romero utført av ein dødsskvadron på ordre frå offiseren og høgrepolitikaren Roberto D'Aubuisson.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]