Dørvær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dørvær
Dærvær sett sørfrå
Dærvær sett sørfrå
Geografi
Stad Helgeland
Koordinatar 66°33′11″N 12°14′34″EKoordinatar: 66°33′11″N 12°14′34″E

Høgaste punkt Dørværtinden (128 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Nordland

Demografi
Folketal 0

Dørvær eller Dørværet er ei øygruppe i Træna kommuneHelgelandskysten. Øygruppa har eit titals øyar og holmar, dei største er Buøya, Ørkja, Nordskarven, Dørværøya, Torvøya, Bukkøya og Geitøya. Dørværtinden på Buøya når 128 moh. Rundt øygruppa ligg det mange skjer.

Dørvær ligg på polarsirkelen, og er den øygruppa i Træna som ligg nærast land. Øygruppa var tidlegare folkesett, men den siste innbyggjaren forlet øya på 1990-talet.

Øynamnet har truleg opphav i eit ord for fiskestim (dyrgja), eller kanskje i ordet dorg[1].

Referansar[endre | endre wikiteksten]