Düren
| Düren | |||
| by | |||
Rådhuset i Düren. Foto: Raimond Spekking | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Stat | Nordrhein-Westfalen | ||
| Region | Köln | ||
| Landkreis | Düren | ||
| Høgd | 125 m | ||
| Areal | 85 km² | ||
| Folketal | 93 323 (31. desember 2023) | ||
| Postnummer | 52349/52351/52353/52355 | ||
| Retningsnummer | 02421 | ||
| Bilnummer | DN | ||
![]() Düren 50°48′11″N 6°28′55″E / 50.8031684°N 6.4820806°E | |||
| Wikimedia Commons: Düren | |||
Düren er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 100 000 innbyggjarar. Byen ligg i landkreisen med same namn mellom Aachen og Köln ved elva Rur.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Keltarar hadde ein liten busetnad her kalla Durum for meir enn 2000 år sidan. Etter keltarane busette andre germanske stammer seg i området, og dei vart erobra av romarane under Julius Cæsar.
Durum vart eit forsyningsområde for den raskt veksande romerske byen Köln. I tillegg låg Durum ved fleire viktige romerske vegar. Romarane var i området i om lag 400 år. Namnet Villa Duria dukka for første gong opp i frankiske årbøker i år 747.
Etter romarane drog bort frå staden på 400-talet kom frankarar til Düren. Den frankiske kongen Pippin den yngre vitja ofte Düren på 700-talet og heldt eit par viktige konferansar her. Pippin var far til den kjende Karl den store. Frankarane bygde eit kongeleg palass i Durum, som namnet Pfalz kjem frå. Karl den store oppheldt seg òg eit par gongar i byen. Slottet vart bygd der kyrkja St. Anne står i dag.
Tidleg på 1200-talet fekk Düren byrettar. Rundt 1200 byrja bygginga av bymurar med tolv tårn og fem portar. Det finst framleis ruinar av byportane i dag.
Tjuven Leonhard stal ein liten boks med leivningane av St. Anne frå Mainzer Stiftskirche St. Stephan i 1501 og førte dei til Düren. Pave Julius II avgjorde 18. mars 1506 at Düren kunne få ha leivningane. Dei vart halde i Martinskirche, som fekk namnet Annakirche i 1505. St. Anne vart vernehelgenen til Düren. Kvart år frå den 26. juli vert St. Anne feira i ei veke med ein av dei største folkefestane i Tyskland.
I 1642 vart Düren trekt inn i trettiårskrigen, og troppar på begge sider øydela byen. Etter krigen tok slutt i 1648 braut det ut pest i byen som tok mange liv. Ein annan epidemi råka byen i 1665.
Økonomien i området rundt Düren vart frå 1400-talet styrt av kleshandel og metallindustri. Sidan byrjinga av 1600-talet har det vore papirindustri her, som har nytta det svært blaute vatnet i Rur. Rütger von Scheven bygde den første papirfabrikken i Düren. I 1812 var det alt 17 papirfabrikkar, 11 kles- og teppefabrikkar, ein platikator og to jernstøyperi.
I 1794 vart Düren okkupert av franske revolusjonsstyrkar. Etter Wienerkongressen vart Düren avstått til Preussen i 1815.
I 1900 var Düren ein av dei rikaste byane i Tyskland med 42 millionærar og 93 fabrikkar og eit folketal på 27 168. Mindre enn hundre år tidlegare budde berre 5 000 menneske i Düren.
Under den andre verdskrigen vart slaget om Hürtgenwald utkjempa i området rundt Düren, og 16. november 1944 vart byen totalt øydelagd under eit alliert bombetokt. Om lag 3 000 innbyggjarar mista livet. Dei som overlevde vart evakuert til sentrale delar av Tyskland.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Düren» frå Wikipedia på engelsk, den 16. juli 2007.
