Vernehelgen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Simon Vouet: St. Cecilia - Vernehelgen for musikk, c. 1628

Vernehelgen eller verjehelgen (bokmål skytshelgen) er ein helgen som på ein særskild måte skal verne om ein by, eit landområde, ei yrkesgruppe, ei folkegruppe, om andre område eller mot visse vanskar. Vernehelgenar har spesielt ein posisjon innanfor katolsk kristendom.

Vernehelgenar tilknytt Noreg er mellom anna Heilag-Olav, som er vernehelgen for heile landet og for Trondheim, St. Hallvard vernehelgen for Oslo og St. Svithun for Stavanger. Heilage Henrik er vernehelgen for Finland, heilage Birgitta vernehelgen for Sverige og heilage Knut for Danmark. Heilage Ansgar er vernehelgen for Skandinavia.

Ei opplisting av vernehelgenar vil elles måtte ha hundrevis av namn. Til dømes er heilage Arnold av Arnoldsweiler vernehelgen for organistar og musikarar, heilage Adam av Fermo er vernehelgen for epileptikarar. Frans av Assisi er vernehelgen for ei rekkje område: Italia, Assisi, bispedømmet Basel, for fransiskanarane, dei fattige, sosialarbeid, miljøvern og økologar, kjøpmenn, skreddarar, vevearar, tøyhandlarar, linhandlarar, tapethandlarar, skipbrotne og straffangar; for lamme og blinde; mot hovudsmertar og pest; for dyrevernorganisasjonar og dyr. Heilage Martin av Vertou er vernehelgen for dei ulykkeleg gifte.

Saksgangen for utnemning av ein offisiell vernehelgen er langvarig. Forslag fra truande treng støtte frå biskopar, og sidan hentar ein inn synspunkt frå Vatikanet, blant andre Helligkåringskongregasjonen. Til slutt er det Gudstenestekongregasjonen som gir si innstilling til paven. På medieområdet finst det foreløpig vernehelgenar for radioen (erkeengelen Gabriel), for fjernsynet (heilage Klara av Assisi) og for pressen (heilage Frans av Sales). Internettbrukarar må enno greie seg utan vernehelgen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]