DNA-polymerase

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Strukturen til ein DNA-polymerase og eit DNA-molekyl

DNA-polymerasar er enzym som katalyserer laginga av ein ny DNA-tråd som er komplementær til ein annan DNA-tråd nytta som mal. I alle greiner av livet vert DNA-polymerasar nytta under DNA-replikasjon, der genomet til ein organisme vert kopiert. DNA-polymerasar verkar i lag med andre protein, som helikasar. Komplekset med DNA-polymerasen og dei andre proteina vert kalla replisom.[1] Ein stor del av DNA-polymerasane i kvar organisme er meinte å vøla DNA-et etter skadar som har oppstått, eller for å kunna halda fram med å kopiera DNA-et forbi skadar.[2]

Alle DNA-polymerasar har ein liknande struktur som liknar på ei høgrehand. Dei vert delte inn fleire i familiar. Familie A har replikative polymerasar frå bakteriar, familie B frå eukaryotar og arkar, og familie D frå arkar. [1] Familie Y finst hjå alle dei tre biologiske rika og kan kopiera DNA forbi skadestader i DNA-et.[2] Familie X finst hjå eukaryotar og tek del i vøling av DNA heller enn replikasjon.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Johansson, E; Dixon, N (2013). «Replicative DNA Polymerases». Cold Spring Harbor Perspectives in Biology 5 (6): a012799. PMID 23732474. doi:10.1101/cshperspect.a012799. 
  2. 2,0 2,1 Yang, Wei (2014). «An Overview of Y-Family DNA Polymerases and a Case Study of Human DNA Polymerase η». Biochemistry 53 (17): 2793–803. PMC 4018060. PMID 24716551. doi:10.1021/bi500019s. 
  3. Yamtich, Jennifer; Sweasy, Joann B (2010). «DNA polymerase Family X: Function, structure, and cellular roles». Biochimica et Biophysica Acta (BBA) - Proteins and Proteomics 1804 (5): 1136. doi:10.1016/j.bbapap.2009.07.008. 
Spire Denne biokjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.