DS «Castor» (1875)
DS «Castor» | |
| Karriere | |
|---|---|
| Namn: | DS «Rugenwald» |
| Eigar: | E. Hemptenmacher, Rugenwalde |
| Verft: | Short Brothers i Sunderland |
| Verftsnummer: | 69 |
| Jomfrutur: | 1875 |
| Heimehamn: | Rügenwalde |
| Kjennemerke: | JVWB |
| Generelle mål | |
| Tonnasje: | 512 brt, 306 nrt |
| Lengd: | 51,6 m |
| Breidd: | 7,6 m |
| Djupgang: | 4,3 m |
| Installert effekt : | 70 nHk |
| Framdrift: | 2cyl. Comp. (T. Richardson & Sons, Hartlepool) |
| Karriere | |
| Namn: | DS «Castor» |
| Eigar: | Det Bergenske Dampskibsselskab |
| Kjøpt: | 1887 for 36 500 kr[1] |
| Heimehamn: | Bergen |
| Lagnad: | Forliste 1905 |
DS «Castor» var eit dampskip bygd som «Rugenwalde» av Short Brothers i Sunderland og levert for E. Hemptenmacher i Rugenwalde i Tyskland i juli 1875.
Skipet vart kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab i 1887 for 36 500 kroner. Dette var det første eigentlege lasteskipet som vart kjøpt inn av Bergenske for ruta Kristiansund - Hamburg.
Skipet var det første av fem skip for Bergenske som var kalla opp etter stjerna Castor.
Historie
[endre | endre wikiteksten]I 1892 fekk skipet ein ny kjel på 100 pund. «Castor» grunnstøytte ved Blyth i 1897. Ein 76-tommars kjøl og 22 plate vart erstatta og skipet vart sett i fart att. I 1901 fekk skipet ny donkeykjele frå DS «Finmarken».
17. mars 1905 forliste «Castor» på Listerrauna ved Farsund på reise mellom Bergen og Oslo med jernbaneskjener.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]For andre skip kalla «Castor», sjå Castor (fleirtyding)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1. Volum 14. Rådal: Skipet: 6. Henta 5. mai 2019.
{{cite journal}}:|volume=has extra text (hjelp); Cite has empty unknown parameter:|1=(hjelp)
- ↑ «D/S Sirius». Sjøhistorie.no. Henta 5. mai 2019.