DS «Storstad»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
SS «Storstad»
Storstad Montreal 1914.jpg
DS «Storstad» skadd etter forliset i Montreal i 1914.
Karriere
Eigar:

A/S Maritim

Canadian Pacific Railway (1914)
Operatør: A. F. Klaveness & Co
Byggherre: Armstrong, Whitworth & Co Ltd, Newcastle upon Tyne
Sjøsett: 1910
Heimehamn: Christiania i Noreg
Lagnad: Torpedert av U-62 8. mars 1917 og gjekk ned
Generelle eigenskapar
Tonnasje: 6 028 tonn
Lengd: 134m (439' 6") m

DS «Storstad» var eit 6 000 tonns norsk tørrlasteskip som dreiv med kolfrakt frå 1910 til 1917. Det er mest kjend for samanstøyten med RMS «Empress of Ireland»St. Lawrence-elva i Canada 29. mai 1914. Skipet blei seinare senkt under første verdskrigen.

Skipet var bygd i Newcastle upon Tyne av Armstrong, Whitworth & Co Ltd. Det tilhøyrde det norske reiarlaget A.F. Klaveness & Co.

Under ei reise frå Sydney på Nova Scotia til Quebec med ei kollast frå Dominion Coal Company støtte «Storstad» saman med RMS «Empress of Ireland»St. Lawrence-elva nær Pointe-au-Père 29. mai 1914. Med eit 14 fot langt hol i skroget fekk «Empress of Ireland» slagside og sokk i løpet av 14 minutt. Heile 1 024 av passasjerane og mannskapet døydde, medan 473 personar overlevde i det som lenge var den største sjøfartssulukka nokonsinne. DS «Storstad» blei stygt skadd i samanstøytet, men redda fleire av dei forliste og kom seg til land.

Etter forliset forlanga eigarane av begge skipa erstatning frå kvarandre. Ei kanadisk gransking gav førarane av «Storstad» hovudskulda for foliset, og skipet blei teke i varetekt av kanadiske styresmakter og til slutt gjeve til Canadian Pacific Railway som del av oppgjeret. Skipet blei seld på auksjon til Ole Wikborg, ein representant for forsikringsselskapa Vidar og Skuld som hadde forsikra båten. Prisen på 175 000 dollar blei haldne tilbake i påvente av granskingsutfallet. Etter auksjonen kunne «Storstad» reparerast og bli sett i drift att, med same mannskap som før.

Under første verdskrigen blei DS «Storstad» torpedert av ein tysk ubåt i Atlanterhavet sørvest for Irland den 8. mars 1917. Skipet sokk, mannskapet gjekk i livbåtane og blei redda tre dagar seinare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]