Dag Magnus Narvesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dag Magnus Narvesen
Fødd 1983 (37 år)
Yrke trommeslagar

Dag Magnus Søyland Narvesen (f. 1983) er ein norsk jazztrommeslagar og komponist frå Stavanger.

I 2008 flytta han til Oslo, etter å ha studert på jazzlinjene ved Universitetet i Stavanger og NTNU i Trondheim.

Dag Magnus Narvesen sit i styret til improvisasjonskollektivet Kitchen Orchestra i Stavanger. Gjennom dette orkesteret har han spelt og samarbeidd med blant andre Alexander von Schlippenbach, Evan Parker, Steve Beresford og Keith Tippet. I tillegg dreiv han kvintetten Sasquatch, som har gjeve ut plata Enter The Sasquatch (CCAPknirk 2010). Han speler òg i Gunhild Seims Time Jungle som har gjeve ut platene Time Jungle (Drollehålå 2007), Morpho (Drollehålå 2009) og Elephant Wings (Drollehålå 2012).

Andre musikarar assosiert med Dag Magnus Søyland Narvesen: Stine Janvin Motland, Johannes Bauer, Klaus Ellerhusen Holm, Øyvind Storesund, Andrew D'angelo, John Holmström, Thomas Jäderlund, Fredrik Ljungkvist og Marilyn Crispell.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]