Dagbladet Information

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dagbladet Information er ei dansk avis som kjem ut dagleg i København. Avisa, som vel kan seiast å høyre til på den venstre sida i det idépolitiske landskapet, er utan tilknyting til politiske parti eller særskilde økonomiske interesser. Avisa samarbeidar redaksjonelt med dei britiske avisene The Guardian og The Observer.

Dagbladet Information vart skipa av Børge Outze 5. mai 1945, altså straks etter slutten på den tyske okkupasjonen av Danmark under Den andre verdskrigen, og nytta seg av dei lokala og det prenteverket som den tidlegare nazistiske avisa Fædrelandet hadde hatt i Store Kongensgade i København.

Avisas til tider stormfulle soge er skildra i både skjønnlitteratur og erindringslitteratur av mellom andre forfattarane Klaus Rifbjerg og Lasse Ellegaard.