Dagslys

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grasstrå i dagslys.
Framstilling av verda klokka 09.00 UTC, då Afrika, Europa og delar av Asia og Amerika opplever dagslys.

Dagslys er ein kombinasjon av all direkte og indirekte solstråing utandørs i løpet på dagtid (og kanskje òg skumring). Dette inkluderer direkte solinnstråling, diffus stråling frå skyene og ofte begge desse reflektert frå jorda og lekamar på jorda. Dagtid er tidsperioden då ein har dagslys. Månelys er eigentleg sola som vert reflektert mot jorda, og er på den måten indirekte solstråling, men det vert ikkje rekna som dagslys, sidan det oppstår utanfor den tida ein reknar som dagtid.

Dagslys har ein, i ei viss grad, så lenge sola er oppe, men utandørs kan illuminansen variere frå 100 000 lux i direkte sollys midt på dagen til mindre enn 5 lux i dei tjukkaste uvêrsskyene med sola nær horisonten. I så lite lys kan ein få skuggar frå lys som t.d. gatelys. Det kan vere mørkare i uvanlege tilfelle som solformørking eller når ein har store mengder røyk eller støv i atmosfæren.

Dagslys er kjend for å ha ein positiv psykologisk effekt på menneske, og derfor vert det registrert fleire problem med psykisk helse om vinteren enn om sommaren. Døme på dette kan vere depresjonar på grunn av lite dagslys. Ein kan òg lyse opp rom innandørs med dagslys ved å bruke vindauge og takvindauge. Dette vert ofte brukt for å spare energi, for å unngå for mykje bruk av kunstige lys og av estetiske årsaker. Dei siste åra har mange bedrifter prøvd å gjenskape effekten av kunstig dagslys på arbeidsplassen. Både utstyret og energiforbruket for å få dette til er derimot dyrt, og vert nesten berre brukt innan spesielle område som filmproduksjon.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]