Vindauge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rundt og firkanta vindauge i Japan.
Gamalt vindauge i gamal vegg.
Vindauge i eit fly.

Glas, vindauga eller vindauge er opningar i veggar eller tak i rom i bygningar, køyretøy og anna, som kan sleppa inn lys og/eller luft. Vindauge er gjerne laga som eit gjennomsiktig eller gjennomskineleg materiale, som glas, klar plast eller ei hinne av einkvan slaget, som er set inn i ei ramme av tre, metall eller eit kunststoff.

I bygningar er vindaugsramma gjerne festa med hengsel til ein karm ikring, slik at det let seg gjere å opne og lukke det. Karmen kan òg vera laga av tre, metall eller eit kunststoff. Det heile er gjerne laga som ei eining for seg, og festa i ei opning i veggen eller taket på eit vis som gjer at det heile kan skiftast utan å gjere store inngrep i sjølve bygninga. Eit vindauge kan i og for seg òg vera heilt ope, men vert då ofte kalla ei glugge.

Ordet «vindauga» er norrønt og tyder ordrett 'lufthol'.

Døme på vindauge[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vindauge

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne arkitekturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.