Dahud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Dahud eller Dahut (eventuelt Ahés), var ei trollkunnig kongedotter frå tidleg bretonsk soge. Ho var dotter av Gradlon og Malgven. Namnet hennar tyder "god trolldom". Ho skal ha grunnlagt byen Carhaix (Car Ahés).

Kong Gradlon av Cornouaille skulle ha råka på trollkvinna Malgven ein gong han var på hærtog nord i landa. Saman drap dei mannen hennar, og reiste sør til riket hans på hennar svarte trollhest. Seinare tok dei att flåten til Gradlon, og her var det at Dahud vart fødd, framleis langt frå land. Segna seier at Malgven døydde av denne påkjenninga. Andre segner fortel korleis ho kvarv frå Gradlon for å reise til si eiga verd. Gradlon kom einsam i land med dotter si.

Dahud voks opp i Ys, og strauk med då byen sokk i havet. I følgje kristne segner var det ho som opna byportane slik at byen vart oversvømd. Faren freista berge ho på trollhesten sin, men syndene hennar fekk ho til å søkke ned. Sankt Gwenolé råda Gradlon til å sleppe Dahud for ikkje å drukne sjølv, og Dahud vart slukt av havet i lag med byen.

Etter dette vart Dahud gjort om til ei havfrue, eller ein morgen.

Dahud er og nemnd i segner om Kong Arthur og Kong Mark.

I teikneserien Bran Ruz står Dahud for gode krefter som freister å berge Ys mot den tradisjonsøydinga storsamfunnet (og kristendomen i tida) står for. Ho rømer til druidane med helten Bran. I denne forteljinga er Malgven ei av dei hærtekne kvinnene frå Aremorika. Det er heller ikkje ho, men Gwenolé som syter for at byen vert overfløymd.