Havfrue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei havfrue (A mermaid, 1900) av John William Waterhouse.
Den amerikanske underhaldningsarrangøren P.T. Barnum presenterte leivningane etter ei «ekte» havfrue, «The Feejee Mermaid», i kuriositetssamlinga si i 1842.

Havfrue er eit fabelvesen som skal leva i hav og ha overkroppen til ei kvinne og underkroppen til ein fisk, med visse variasjonar i skildringar. Havfruer har gjerne vakker songstemme, og kan lokka til seg sjøfolk til seg. Syn av havfruer kan varsla om uvêr.[1]

Den mannlege utgåva av vesenet, som er mykje sjeldnare omtalt, blir kalla havmann,[1] marmæle, triton og anna. Liknande vesen frå mytologi, fablar og folketru er sirener, vassymfer, najader, undiner og melusiner. I norrøn folketru var margyge (margygre) ei troll-aktig havfrue.[1]

Mytologi og soger[endre | endre wikiteksten]

Ein kan knytta havfrueomgrepet til mellom anna den assysriske gudinna Atargatis, som blei dyrka rundt 1000 år f.Kr. Det er funne avbildingar av havfruer med to halar i Luristan (Sørvest-Iran) frå om lag 1000 år f.Kr., og havfruer med ein hale frå etruskiske funn 500 år seinare.[1]

Soger[endre | endre wikiteksten]

Det finst soger om havfruer frå store delar av verda. Den eldste kjende havfruesoga er frå Assyria frå ca. 1000 f.Kr. Atargatis, mor til den legendariske assyriske dronninga Semiramis, var ei gudinne som elska ein døydeleg gjetar, men kom i skade for å drepa han. Full av skam kasta ho seg ut i ein innsjø og forvandla seg til ein fisk, men vatnet kunne ikkje skjule det guddommelege vesenet hennar. Derfor tok ho form som ei havfrue – menneskeleg over midja, fisk nedanfor. Dei eldste framstillingane viser henne derimot som ein fisk med menneskehovud og bein, slik som den babylonske guden Ea. Grekarane kalla henne Derketo, og ho blei ofte identifisert med Afrodite.

Mami Wata er ei havfrueånd i vestafrikansk folketru. Ei anna afrikansk havfrue er Jengu frå Kamerun. Melusine eller Melusina er namnet på ein kvinneleg sogefigur i europeisk mellomalder som hadde fiske- eller slangehale.

Ifølgje japansk folketru kan ein bli udøydeeig gjennom å eta havfruekjøt.

I nokre europeiske soger kan havfruer oppfylla ønske.

Havfruer i norsk tradisjon[endre | endre wikiteksten]

Førestillingar om havfruer er ikkje så vanlege i norsk tradisjon. Dei kom truleg til Noreg gjennom danske balladar.[1]

I norsk sogetradisjon opptrer havfrua, merkeleg nok, helst i innlandet, gjerne i fjellvatn. Den vanlegaste segntypen, Spådommen til havfrua, fortel at ein mann gjer havfrua ei teneste og til gjengjeld skal få spørja henne tre spørsmål. Han spør ganske dumt og havfrua blir irritert og sier han burde spurt om kva bløytevatnet frå malten kunne brukast til.

Naturhistorie[endre | endre wikiteksten]

Havfruer er også omtalte i tidleg naturhistorisk litteratur, som i K. von Gesner sitt verk Historia Naturalis frå 1558.[1]

Havfruer i heraldikk[endre | endre wikiteksten]

Havfruer finst avbilda i våpenskjold, flagg og liknande kjenneteikn, som ein stilisert grafisk figur. Dette førekjem i dei fleste land med europeisk heraldikk. I Norge var det tidlegare kommunevåpenet til Åsgårdstrand ei havfrue, og i slektsvåpenet til Blichfeldt har skjoldet ei havfrue i bølgjer som speler på ei harpe. Det er havfrue i blant anna våpenet til det finske landskapet Päijänne-Tavastland. Byvåpenet til den polske hovudstaden Warszawa har ei hudfarga havfrue på raud botn som fektar med eit sverd og eit skjold, medan den belgiske byen Oostende har ein triton og ei havfrue som skjoldhaldarar.

Havfruer i kulturen[endre | endre wikiteksten]

«Den lille Havfrue» er eit eventyr av H. C. Andersen frå 1837. Eventyret blei gjort om ein ballett i 1909, og denne balletten inspirerte statuen Den lille havfrue frå 1913. Seinare laga Disney teiknefilmen The Little Mermaid (1989) basert på eventyret.

Havfruer opptrer også i:

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • Margyge (margygre), stygg og farleg havfrue i norrøn folketro
  • Najade, ferskvssnymfe i gresk mytologi
  • Sirene i mytologi, kvinneleg vesen i gresk mytologi som lokka sjøfolk mot klipper
  • Undine, vassånd
  • Melusine, kvinneleg ferskvassånd i europeisk folketru
  • Nereider, greske havnymfer
  • Selkie, selkvinne i blant anna skotsk folketru

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «havfrue». Store norske leksikon (på norsk). 8. juli 2019. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]