Dal stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dal stavkyrkje var forgjengaren til dagens Dal kyrkje i Dalsgrenda aust for Rjukan by. Det ligg føre motstridande påstandar om lagnaden til kyrkja, men det synest å vere semje om at ho var ei stavkyrkje. Ho er fyrste gong omtala som Dalzh kyrkiune den 3. mars 1401.[1] Vidare er Daalz kirkio nemnd i 1498[2] og Dalis sokn i 1501.[3] Av sistnemnde omtale går det fram at Dal er anneks til Tinn, det vil seie Atrå. Jens Nilssøn visiterte kyrkja i 1595.[4] Omtala slår ikkje fast kor gamal stavkyrkja er, men Lorentz Dietrichson meiner på grunnlag av bevarte portalplankar at ho må ha vore betydeleg yngre enn stavkyrkjene ved Atrå og Mæl.[5] Vidare hevdar han at det går fram av ein synfaringsrapport frå 1668 at det dreier seg om ei stavkyrkje, og denne skal ha likna på Atrå.

Kva skjedde med stavkyrkja?[endre | endre wikiteksten]

Ifylgje Jan Brendalsmo[6] vart skipet i stavkyrkja rive og erstatta med eit tømra skip i 1755, medan Herman Henriksveen[7] hevdar at kyrkja vart erstatta med ei ny kyrkje i 1775. Vidare skjedde ei ombygging i 1842–44. Brendalsmo meiner at koret i stavbygg ved det høvet vart rive og kyrkja utvida mot aust. Dietrichson sine kjelder seier litt imot kvarandre, men det synest som om stavkyrkjeportalen vart teken vare på ved kyrkja etter ombygging eller nybygging, og portalen er òg prega av den omhengslinga av dører som fann stad etter brannen i Grue kyrkje i 1823.

Bevarte gjenstandar frå stavkyrkja[endre | endre wikiteksten]

Den nemnde portalen vart sendt inn til Oldsaksamlinga i 1848,[8] altså ikkje mange år etter ombygginga i 1842–44, og befinn seg framleis der. I Oldsaksamlinga er òg ein treskulptur av Maria og barnet og ein kristusfigur frå eit krusifiks der sjølve krossen vantar.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Diplomatarium Norvegicum X:98.
  2. DN VI:624.
  3. DN VI:632.
  4. I Biskop Jens Nilssøns Visitatsbøger og reiseoptegnelser vert Dall omtala som anneks til Tindals hoffuid kircke (s. 16). Den tredie heder Dalls kirkie ligger fra hoffuit kircken hen ved 2 mijll i synder (s. 368). Saa therfra i suduest 1 pilskud til Dals kircke annex til Tind och ligger ret vnder Goustafieldet, oc Maanen løber imellum fieldet och kircken. (s. 371).
  5. Dietrichson, s. 413f.
  6. Brendalsmo, s. 71.
  7. Henriksveen, s. 123.
  8. Dietrichson, s. 414.