Dalasandstenen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Dalasandstenen er namnet på ei lagrekkje (berglag) i nordvestlege område av Dalarna og tilstøytande område av Härjedalen i Sverige. Ho omfattar raud, raudbrun eller raudleten sandstein med runde lyse flekkar.[1]

Lagrekkja er over 600 meter tjukk og er frå prekambrium. Dalasandstenen strekkjer seg inn i Noreg aust for Trysilelva og vert her kalla trysilsandstein.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Dalasandsten i Nordisk familjebok (2:a upplagan, 1906)