Dale i Sunnfjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Dale.
Dale
Dale i Sunnfjord (Panorama)
Dale i Sunnfjord (Panorama)
Geografi
Kommune Fjaler
Fylke Sogn og Fjordane
Folkemengd[1] 1 095 (2015)
Folketettleik 793,5 /km²
Areal[1] 1,38 km²
Annan informasjon
Ferdselsårer 57/609
Postnummer 6963 DALE I SUNNFJORD
Preposisjon i Dale
Kart
Dale i Sunnfjord is located in Sogn og Fjordane
61°21′45″N 5°23′46″EKoordinatar: 61°21′45″N 5°23′46″E

Dale er kommunesenter i Fjaler kommune i Sogn og Fjordane fylke, nærmare bestemt Sunnfjord. Bygda ligg ved Dalsfjorden, og har 1 095 innbyggjarar (2015). Bygda er kommunesenteret i Fjaler og har dermed kommunehuset med kontor til administrasjonen. I desember 2013 opna Dalsfjordbrua som knyter saman Askvoll kommune og Fjaler kommune.

Kultur og industri[endre | endre wikiteksten]

I Dale finn ein Klokkargarden, fødestad åt diktaren Jakob Sande, Nordisk Kunstnarsenter på Dalsåsen og designstudioet Ralston & Bau og idéfabrikken Transplant. I tillegg så driv Dale Ungdomsslag Fjaler Kino på frivillig basis. Kinoen held til i ungdomshuset Trudvang som ligg langs fv. 57 mellom Dale sentrum og Dingemoen skule.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Dale har vore utdanningssentrum for området i mange år, og i dag finn ein Dingemoen barneskule, Fjaler ungdomsskule og Dale vidaregåande skule i bygda.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Frå rutebilstasjonen i Dale sentrum går det fleire bussar mellom anna til Førde og Bergen via Riksveg 57 eller snøggbåt. Bygda ligg 25 min frå Førde lufthamn, Bringeland.

Dalsfjordsambandet[endre | endre wikiteksten]

I desember 2013 opna Dalsfjordbrua for trafikk. Den knyter saman Fjaler kommune med Askvoll kommune. Dalsfjordsambandet består av ny fylkesveg nummer 609 frå Eikenes til Nishammaren i Dale og ny fylkesveg nummer 57 frå Fjaler Sjukeheim til Sætenes. Dalsfjordsambandet inneheld tre nye tunnelar, der to av tunnelane ligg i Askvoll kommune og den siste ligg i Fjaler kommune, og sist men ikkje minst Dalsfjordbrua over Dalsfjorden. Desse tre tunnelane heiter Dalsfjordtunnelen, Ottersteintunnelen og Nishammartunnelen. Nishammartunnelen ligg i Fjaler kommune og er ein av få tunnelar i Noreg med rundkøyring inne i fjellet.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling i Dale
År Innbyggjarar
1920
  
206
1930
  
463
1946
  
666
1950
  
728
1960
  
813
1970
  
967
1980
  
924
1990
  
935
2000
  
905
2009
  
980
2012
  
1 063
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2015.