Dalevågen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Dalevågen er ein 4 km lang fjordarm av Veafjorden i Vaksdal kommune som strekkjer seg nordaustover ved Stanghelle til utløpet av Daleelva. I tillegg til Stanghelle ligg jordbruksområdet Helle ved fjorden, og langs vestsida går jernbana og ein gammal veg. Det går tre bruer over Dalevågen; ei bil- og ei jernbanebru ved Stanghelle og ei bilbru ved Helle. Dalevågen inneheld for det meste brakkvatn.