Vaksdal kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vaksdal kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Adm.senter Dale
Areal 716 km²
 - land 687 km²
 - vatn 29 km²
Folketal 3 852  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Hege Eide Vik (Sp)
Kommunenr. 4628
Kart
Vaksdal kommune
60°36′25″ N 5°48′58″ E
Wikimedia Commons: Vaksdal
Nettstad: www.vaksdal.kommune.no

Vaksdal er ein kommune i Vestland fylke. Kommunen høyrer til distriktet Midhordland og deltar i Bergen og Omland regionråd. Kommunesenteret er tettstaden Dale. (Vaksdal er òg namnet på ein tettstad i kommunen). Vaksdal grensar til Voss og Bergen kommunar, og jarnvegen; Bergensbanen, og stamvegen; Europaveg 16, mellom Bergen og Voss går tvers gjennom kommunen. Dei tre største bygdene i Vaksdal; Vaksdal, Stanghelle og Dale ligg langs denne ferdsleåra. Mottoet til Vaksdal kommune er «Bynært bygdeliv».

Vaksdal grensar til Osterøy og Alver (berre sjøgrense) kommunar i vest, Modalen kommune i nordvest, Vik kommune i nord, Voss kommune i aust, Kvam herad i søraust, Samnanger kommune i sør og Bergen kommune i sørvest.

Vaksdal rådhus er på Dale.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Ordet Vaksdal kjem av «våg» og «dal», som er ei god skildring av kommunen med fjordar (vågar) og dalar. I kommunen finn ein dalar som Bergsdalen, Eksingadalen, Sædalen, Herfindalen, Hesje-/Øyadalen m.fl. Det høgste punktet i kommunen er Skjerjavasshovden (1264 moh) i Stølsheimen øvst i Eksingadalen. Av fjordar finn ein Veafjorden, Sørfjorden, Osterfjorden og Vikafjorden/Bolstadfjorden. Dei to største elvene er Daleelva og Ekso, som begge er gode fiskeelver for laks og sjøaure. Vaksdal består hovudsakleg av fastland, men omfattar òg den nordaustlege delen av øya Osterøy.

Hovudnæringar i kommunen er fabrikksenteret Dale med tekstilbedriftene Daletec og Dale of Norway. På Vaksdal har bakevareprodusenten Møllerens og dyrefôrprodusenten Felleskjøpet ein av fabrikkane sine. BKK har mange vasskraftverk i Vaksdal.

Stadar i Vaksdal kommune er Vaksdal, Dale, Stanghelle, Stamnes, Bergsdalen, Eksingadalen, Eidslandet med fleire.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]