Danièle Debernard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Danièle Debernard
Fødd 21. juli 1954
Aime

Danièle Debernard (fødd 21. juli 1954) er ein fransk tidlegare alpin skirennar frå Aime i departementet Savoie som i tida 1972-76 vann to olympiske medaljar og ein VM-bronse, samt fem renn i verdscupen i alpine greiner.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Debernard debuterte i verdscupen i januar 1971 og fekk med seg to tredjeplassar i slalåm allereie i debutsesongen, før fylte 17 år. Under dei olympiske leikane i Sapporo vinteren 1972 tok ho sølvmedaljen i slalåm, berre to hundredels sekund skilde henne og gullmedaljør Barbara Cochran frå USA. Vel ein månad seinare vann Debernard sine to fyrste verdscupsigrar i Pra Loup.

Etter ein verdscupsiger i slalåm i Japan vinteren 1973, måtte ho vente i tre sesongar før ho atter vann verdscuprenn. Midt i januar 1976 vann ho i same veka slalåm i Les Gets og storslalåmrennet i Berchtesgaden. I Vinter-OL 1976 i Innsbruck få veker seinare tok ho bronsemedaljen i storslalåm, og vart nummer fire i slalåm og fem i utfor. Dette gav henne sølvmedaljen i kombinasjonen, ei øving som ikkje stod på OL-programmet men var VM-tevling.

Debernard la opp i 1979, etter nokre sesongar utan pallbesøk i verdscupen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar