Daniel Danielsen Grønnestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Daniel Danielsen Grønnestad
Fødd 8. august 1879
Død

15. april 1912
Nord-Atlanteren

Daniel Danielsen Grønnestad (fødd 8. august 1879 i Bokn, død 15. april 1912) var ein norsk musikar og kyrkjetenar. Han var òg ein av dei norske passasjerane som reiste med RMS «Titanic» på skipet si jomfruferd.

Grønnestad voks opp i ein bondefamilie og var son av Daniel Grønnestad og Helene Holgersdatter Grønnestad. Han jobba som kyrkjetenar ved Bokn kyrkje, men emigrerte til USA rundt 1900 saman med broren Bertil. Under den sekstande vitjinga deira i Noreg skulle dei reise heim med Titanic, men broren Bertil valde å bli att. Daniel derimot gjekk ombord på Titanic i Southampton og reiste på tredjeklasse. Ombord på Titanic delte han lugar saman med Bernt Johannes Johannesen, Konrad Mathias Reiersen Hagland og Ingvald Olai Olsen Hagland. Grønnestad skulle reise til Portland i Oregon.

Grønnestad omkom i Titanic sitt forlis den 15. april 1912 - berre 32 år gamal. Om liket hans vart funne, vart han aldri identifisert. Av lugarfellane hans var det berre Bernt Johannes Johannesen som overlevde.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]