Bokn kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bokn kyrkje
kyrkje
none  Bokn kyrkjeFoto: Efarestv
Bokn kyrkje
Foto: Efarestv
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Stavanger
Prosti Haugaland
Sokn Bokn
Arkitekt Hans Ditlev Franciscus von Linstow
Teknikk Tømra
Material Tre
Wikimedia Commons: Bokn kyrkje

Bokn kyrkje er ei langkyrkje frå 1847 som ligg i Bokn kommune i Rogaland.

Byggverket er i tømmer og har 300 plassar. Kyrkja blei bygd etter mønster frå Nærbø gamle kyrkje på Jæren etter typeteikningar av Hans Ditlev Franciscus von Linstow.

Det har vore kyrkje på denne staden sidan mellomalderen. Den eldste kyrkja ein veit om var ei stavkyrkje. I 1686 blei det bygd ei tømmerkyrkje i staden for denne, som så blei erstatta av dagens bygg i 1847.

Altartavla er frå 1924 med motivet «Kom til meg alle som har slit og har langt å bera» og er laga av Ole Frøvig.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Alf Henry Rasmussen (red.): Våre kirker - norsk kirkeleksikon, side 418, Vanebo forlag 1993, ISBN 82-75-27022-7
  • Vis Bokn kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren