Hopp til innhald

Southampton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Southampton
by
Tudor House i Southampton.
Kallenamn: so'ton
Land  England
Region Søraust-England
Distrikt Hampshire
Areal 51,47 km²
Folketal 271 173 (2016)[1]
Grunnlagd kring år 43
Postnummer SO
Retningsnummer 023
Kart
Southampton
50°54′24″N 1°24′16″W / 50.906666666667°N 1.4044444444444°W / 50.906666666667; -1.4044444444444
Wikimedia Commons: Southampton

Southampton er ein by og eit distrikt i det søraustlege England. Han ligg omtrent midt mellom Portsmouth og Bournemouth, 20 miles (32 km) frå kvar av dei.[2][3] Byen var tidlegare ein del av Hampshire, men sidan 1. april 1997 har han vore administrert som ei sameint styresmakt.[4]

Distriktet omfattar fleire busetjingar utanom sjølve Southampton by, mellom anna Bassett, Bitterane, Millbrook, Shirley, Swaythling, Wollston, Totton og Eling.

Byen vart kraftig bomba under andre verdskrigen, og mange historiske bygningar vart øydelagt. Delar av den gamle bymuren er verna, og dessutan byporten Bargate i nordenden av muren.

University of Southampton og Southampton Solent University (tidlegare Southampton Institute) er dei fremste læra- og forskningssentrene i byen. Ordance Survey, det britiske kartverket, har hovudkvarteret sitt i Southampton.

Hamna er den viktigaste på sørkysten av England, og blir brukt både til kommersiell trafikk og til fritidsbåter.

Fotballaga til byen er Southampton FC, kjent som The Saints. Det var ein av spelarane til laget, Charles William Miller, som grunnla den første fotballklubben i Brasil.

Southampton og Portsmouth ca. 1890

Ein har funne spor etter busetjingar frå steinalderen i området, men den første permanente busetnaden er frå romersk tid. Byen var då kjent som Clausentum, og var hamneby for Winchester og Salisbury.

Angelsaksarane flytta sentrum over elva Itchen, til staden der byen ligg no. Southampton er framleis ei viktig hamn. I 1014 skal Knut den store ha slått den angelsaksiske kongen Ethelred den rådville. Det var under dette slaga Knut vert sagt å ha kommandert tidvatnet til å stoppe. Etter normannarane erobra England vart Southampton den viktigaste hamna for transport mellom Winchester, som var hovudstaden i England ein periode, og Normandie.

  1. http://citypopulation.de/UK-Cities.html; arkiveringsdato: 9. juli 2019; arkiv-URL: https://web.archive.org/web/20190709042006/http://www.citypopulation.de/UK-Cities.html.
  2. «Distance between London, UK and Southampton, UK (UK)». distancecalculator.globefeed.com. Arkivert frå originalen 7. februar 2019. Henta 5 February 2019.
  3. «Distance between Southampton, UK and Portsmouth, UK (UK)». distancecalculator.globefeed.com. Arkivert frå originalen 7. februar 2019. Henta 5 February 2019.
  4. Kieran Hyland (17 November 2016). «Your Guide to Southampton City Council». Wessex Scene. Arkivert frå originalen 21 February 2019. Henta 11 September 2018.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Reiseguide for Southampton frå Wikivoyage
Commons har multimedium som gjeld: Southampton