Daniel Narcisse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Daniel Narcisse


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 16. desember 1979 (44 år)
Saint-Denis
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2004

Utmerkingar

Ridder av Æreslegionen, Årets handballspelar frå IHF

Daniel Narcisse (fødd 16. desember 1979) er ein fransk tidlegare handballspelar, fødd på øya Réunion i Indiahavet. Han er firfaldig verdsmeister, trippel europameister og to gongar olympisk meister med det franske landslaget. I perioden 2000-17 deltok han i 311 landskampar for Frankrike og skåra 943 mål. På klubbnivå vann han EHF-meisterligaen i 2010 og 2012 med tyske THW Kiel. Han er elles fransk meister med Chambéry og med PSG, samt tysk meister med THW Kiel. Narcisse var rykkromspelar, oftast i rolla som spelstyrar. Han vart kåra til årets handballspelar i verda 2012.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne idrettsartikkelen som har med Frankrike å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.