Dativ

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dativ (frå latin dare, «gjeva») eller sidefall er termen på eit morfologisk kasus. Syntaktisk er dativ ofte kasusen ein nyttar for indirekte objekt, eller han kan verta styrt av preposisjonar og adjektiv. Dativ kan også dukka opp som (oblikt) subjekt.

Kasusen dativ finst i fleire moderne språk, som til dømes i dei germanske språka tysk og islandsk. Dativ finst òg i somme norske dialektar, og må sjåast som ein rest frå gamalnorsk jamfør norrønt.

Restar av dativ i moderne norsk[endre | endre wikiteksten]

I det moderne norske skriftspråket har ein berre nokre få faste uttrykk att[1]:

  • i live
  • i søvne
  • i/på tide
  • av syne
  • av garde
  • tatt av dage
  • gå mann av huse

Kvifor og fordi/difor er òg to døme på restar av dativ i moderne norsk frå norrøn: kvi (hví) er dativ av kva (hvat), og di (því) er dativ av det (það).[2][3]

Dativ i gamalnynorsk[endre | endre wikiteksten]

Dei siste dativformene, igjennom sideform, brukt før rettskrivinga av 2012 er ikkje lenger godteke som rett nynorsk:

Gamalnynorsk (med dativ) Moderne nynorsk (utan dativ)
Eg ser gjennom kvistane (akkusativ) på treom (dativ). Eg ser gjennom kvistane på trea.
Oppe i dalom Oppe i dalane

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Theil, Rolf (19. november 2021). «dativ». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. «kvi», Bokmålsordboka | Nynorskordboka, henta 10. oktober 2022 
  3. «difor», Bokmålsordboka | Nynorskordboka, henta 10. oktober 2022