Dauphiné

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flagget til Dauphiné

Dauphiné eller Dauphiné Viennois er ein tidlegare provins søraust i Frankrike, som i dag om lag vert dekt av departementa Isère, Drôme og Hautes-Alpes. Den historiske hovudstaden var Grenoble og dei største byane Vienne, Valence, Die, Gap og Briançon.

Le Dauphiné Libéré er ei kjend fransk avis som organiserer sykkelrittet Critérium du Dauphiné Libéré.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Plasseringa til Dauphiné.

I antikken var området busett av allobrogar og andre galliske folk.

Etter Vestromarriket tok slutt fekk området gradvis sjølvstyre og vart eit fyrstedøme i Det tysk-romerske riket.

På 1100-talet hadde den lokale herskaren grev Guy IV av Albon (om lag 1095-1142) ein delfinvåpenskjoldet sitt og fekk kallenamnet le Dauphin (fransk for delfin). Etterkomarane hans endra tittelen deira frå greve av Albon til Dauphin av Viennois, etter familiesetet i Vienne. Herskaren vart kjend under denne tittelen til 1349, då den barnlause Humbert II av Viennois selde herskapet til kong Filip VI. Eit av vilkåra var at arvingen av den franske trona skulle kallast le Dauphin, noko som vart tilfelle fram til den franske revolusjonen. Den første Dauphin de France var barnebarnet til Filip, den framtidige Karl V av Frankrike. Tittelen kreerte òg ein apanasje på regionen. Ludvig XI var den einaste franske kongen som budde i lengre tider i Dauphiné. Avtalen til Humbert medførte òg at Dauphiné vart friteken frå fleire skattar og pålegg. Dette vedtekta førte til mykje parlamentarisk debatt på regionsnivå, sidan lokale leiarar ønskte å forsvare det regionale sjølvstende og privilegia dei hadde frå staten.

Dauphiné om lag 1638

Under den andre verdskrigen var området senter for ei sterk motstandsrørsle.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Dauphiné