Drôme
- For elva med same namn, sjå elva Drôme
| Drôme | |
|---|---|
| Våpenskjoldet til Drôme | |
| Plassering | |
| Administrasjon | |
| Departmentnummer: | 26 |
| Region: | Rhône-Alpes |
| Préfecture: | Valence |
| Sous-préfectures: | Die Nyons |
| Arrondissement: | 3 |
| Kantonar: | 36 |
| Kommunar: | 369 |
| Président du conseil général: | Didier Guillaume |
| Statistikk | |
| Folketal | Rangering 53. |
| -2007 | 473 428 |
| Folketettleik: | 73/km² |
| Landareal¹: | 6 530 km² |
| ¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
Drôme er eit departementet sør i Frankrike. Departementet ligg i regionen Rhône-Alpes, og er kalla opp etter elva med same namn.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Drôme er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna av den tidlegare provinsen Dauphiné.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Departementet er i dag ein del av regionen Rhône-Alpes og grensar til departementa Ardèche, Isère, Hautes-Alpes, Alpes-Maritimes, Alpes-de-Haute-Provence og Vaucluse.
Grensene til departementet har vorte endra fleire gonger. Første gong var då Comtat Venaissin vart innlemma i 1792 og den andre då departementet Vaucluse vart oppretta i 1793. Vacluse har ein enklave, Kantonet Valréas (Enclave des Papes), som er omgjeve av Drôme.
Demografi
[endre | endre wikiteksten]Innbyggjarane i departementet vert kalla drômois.
Største byar
[endre | endre wikiteksten]- Valence: 66 568
- Romans-sur-Isère: 33 665
- Montélimar: 32 896
- Nyons: 6 731
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Drôme er ein av industrisektorane i Frankrike som veks raskast. Han er svært allsidig, og inkluderer plastikkproduksjon, stort maskineri, innpakking, næringsmiddelindustri og høgteknologi.
Det økonomiske hjarte i departementet ligg i vest, ved sida av Rhône.