Hautes-Alpes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hautes-Alpes
Våpenskjoldet til Hautes-Alpes
Plassering
Plasseringa til Hautes-Alpes i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 05
Region: Provence-Alpes-Côte d'Azur
Préfecture: Gap
Sous-préfectures: Briançon
Arrondissement: 2
Kantonar: 30
Kommunar: 177
Président du conseil général: Auguste Trupheme
Statistikk
Folketal Rangering 98.
 -1999 121 419
Folketettleik: 22/km²
Landareal¹: 5 549 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Hautes-Alpes er eit departementet søraust i Frankrike kalla opp etter fjellkjeda Alpane. Departementet ligg i regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hautes-Alpes er ein av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta den 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Han består av dei franske provinsane Dauphiné og nordlege delar av Provence.

Napoleon reiste gjennom Gap då han kom attende for å krevje tilbake Frankrike etter å ha vore i eksil på Elba.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Departementet er omringa av følgjande franske departement: Alpes-de-Haute-Provence, Drôme, Isère og Savoie. I aust grensar departementet til Italia.

Hautes-Alpes ligg i Alpane og middelhøgda er over 1 000 meter, og det høgaste punktet over 4 000 meter. Det er berre tre større byar i departementet, Gap, Briançon og Embrun, som var sous-préfectures fram til 1926.

Den høgaste kommune i heile Europa er landsbyen Saint-Véran. Gap og Briançon er høgaste préfecture og sous-préfectures i Frankrike.

Følgjande elvar renn gjennom departementet:

Durance er demma opp, noko som har danna den største kunstige innsjøen i Europa, Lac de Serre-Ponçon.

Queyras-dalen ligg i den austlege delen av departementet og vert av mange rekna som svært vakker.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Innbyggjarane i departementet vert kalla Haut-Alpins.

Fjellterrenget som dekkjer mykje av departemenet forklarar den tynne folkesetnaden, som opphavleg var om lag 120 000. Det endra seg lite gjennom 1800-talet, men fall til om lag 85 000 etter den første verdskrigen. Mykje på grunn av turisme har folketalet stige frå 87 436 i 1962 til 121 419 i 1999, hovudsakleg i byen Gap.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Turistindustrien er stort sett avhengig av skisport om vinteren. Om sommaren trekk dei alpine omgivnadane og mange utandørsaktivitetar til seg mange turistar. Av aktivitetar finn ein segling, fjellturar, klatring og luftsport som seglflyging.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hautes-Alpes