David Allan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
David Allan
Self Portrait by David Allan.jpg
Fødd 13. februar 1744
Alloa
Død

6. august 1796
Edinburgh

Sjanger historiemåleri
Yrke kunstmålar

David Allan (13. februar 17446. august 1796) var ein skotsk målar på 1700-talet.

David Allan var fødd i Alloa sentralt i Skottland på eigedommen til jarlen av Mar.[1] Han studerte målarkunst ved akademiet til Foulis i Glasgow. Med støtte frå jarlen av Mar og lord Cathcart drog han i 1764 til Roma, der han var i elleve år. Der studerte han under Gavin Hamilton og kopierte gamle meisterar.[1] Allan utvikla han ein nyklassisistisk stil med historiske motiv.

I 1771 sende han to måleri, Pompey the Great after his Defeat og Cleopatra Weeping Over the Ashes of Mark Antony (begge no tapte) til Royal Academy-utstillinga i London. I 1773 vann han gullmedalje frå Accademia di San Luca for Hector’s Farewell from Andromache og Origin of Portraiture.

Målaren vende tilbake frå Roma i 1777, og var ei stund i London, der han hovudsakleg måla protrett. I 1780 flytta han til Edinburgh, og etterfølgde Alexander Runciman som direktør for Kunstakademiet i Edinburgh i 1786.[1]

Allan blei ein etterspurd portrettmålar, og måla særleg skotske mesenar. Han måla også folkelivsskildringar, og var gjennom dette ein føregangar for David Wilkie. Dei humoristiske draga i Allan si kunst skaffa han tilnamnet «den skotske Hogarth», sjølv om han mangla den satiriske snerten til Hogarth.[2] Han laga illustrasjonar som Illustrations of the Gentle Shepherd til [Diktaren Allan Ramsay|[Allan Ramsay]] sitt dikt «The Gentle Shepherd»,[3] og James Macpherson sine Ossian-dikt.[2]

Ein av elevane hans var Alexander Carse, som viser påverknad frå Allen i dei tidlege verka sine.[4]

Han døydde i Edinburgh[2] og blei gravlagd ved Old Calton Burial Ground der. Royal Scottish Academy stod for gravsteinen hans, som har eit portrett i relieff av kunstnaren.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

A Highland Dance (1780)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Encyclopædia Britannica si 11. utgåve artikkel «Allan, David», eit leksikon som i dag er offentleg eigedom.
  2. 2,0 2,1 2,2 Peter Walch. "Allan, David." Grove Art Online. Oxford Art Online. 11 Apr. 2012.
  3. Duncan Macmillan, Scottish Art 1460-2000, Mainstream, 2000
  4. Lucy Dixon, ‘Carse, Alexander (bap. 1770, d. 1843)’, Oxford Dictionary of National Biography, Oxford University Press, 2004; online edn, Oct 2006 accessed 12 Oct 2013