William Hogarth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett av William Hogarth frå 1745.

William Hogarth (10. november 169726. oktober 1764) var ein engelsk biletkunstnar, kjend for satiriske verk som kritiserte skikkar og moral i det engelske samfunnet.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Byste av Hogarth i Leicester Square i London.

William Hogarth var fødd i Bartholomew Close i London som son av ein fattig lærar og lærebokforfattar. I ungdommen blei han sett i lære hjå gravøren Ellis Gamble i Leicester Fields, der han lærte å gravera visittkort og liknande. Unge William hadde også sterk interesse for gatelivet og marknadar i storbyen London, og laga skisser av folk han såg der. Faren, som hadde opna ei kaffistove i St John's Gate, kom i gjeldsfengsel i Fleet Prison i fem år, noko William Hogarth aldri snakka om. Han blei utlærd gravør, men utdanna seg også som målar ved St. Martin's Lane-akademiet, som han sjølv dreiv i perioden 173555.

Den 23. mars 1729 gifta Hogarth seg med Jane Thornhill, dotter av kunstnaren James Thornhill.

Hogarth døyde i London i 1764, og blei gravlagd i St. Nicholas-kyrkjegarden ved Chiswick Mall i Chiswick. Vennen hans, skodespelaren David Garrick, stod for innskrifta på gravsteinen hans.

Virke[endre | endre wikiteksten]

The Four Times of the Day (1738)

I 1731 begynte han med satiriske framstillingar han kalla «moderne moralske emne», som parodierte samtida. Den første av desse, Ei hore sitt liv (1731–32), var ein umiddelbar suksess, og framstillingane, som først blei målte, blei seinare utgjevne som trykk.

I traktaten Analyse av venleiken (Analysis of Beauty), 1753 gjorde han greie for sine kunstteoretiske idear. Etter Hogarths syn var venleiken til eit bilete gjeve ut frå evna det hadde til å gjengje mangfaldet i naturen.

Verk[endre | endre wikiteksten]

«The Idle 'Prentice» av William Hogarth, 1757
  • Ei hore sitt liv (A Harlot's Progress), 1731–32
  • Ein libertinar sitt liv (A Rake's Progress), 1735, Soane Museum, London
  • Ekteskap på moten (Marriage à la Mode), 174345, National Gallery, London
  • Sjølvportrett med hund, 1745, Tate Gallery, London
  • Hogarths tjenarskap, 1757, Tate Gallery, London

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]