David Cameron

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
David Cameron
David Cameron official.jpg
Statsminister i Storbritannia
Regjeringstid2010-2016
PartiDet konservative partiet i Storbritannia
Fødd9. oktober 1966
FødestadMarylebone
MorMary Fleur Mount
FarIan Donald Cameron
EktefelleSamantha Cameron
BarnIvan Reginald Ian Cameron, Nancy Gwen Beatrice Cameron, Arthur Elwen Cameron, Florence Rose Endellion Cameron
FøregangarGordon Brown
EtterfølgjarTheresa May

David William Donald Cameron (fødd 9. oktober 1966) er tidlegare statsminister i Storbritannia og partileiar for Det konservative partiet i Storbritannia. Han vart statsminister 11. mai 2010 og gjekk av etter folkerøystinga om EU-medlemskap den 13. juli 2016.

I parlamentet representerte han valkrinsen Witney (frå 2001). Han blei medlem av det konservative skuggekabinettet i september 2004. Den 29. september 2005 kunngjorde han at han stilte som kandidat til å bli partileiar for det konservative partiet.

Cameron er utdanna ved den prestisjetunge privatskolen Eton College og ved Universitetet i Oxford, der han studerte statsvitskap, filosofi og økonomi. Før han blei valt inn i det britiske parlamentet som medlem for Witney, arbeidde han med PR i medieselskapet Carlton Communications. Tidlegare har han òg arbeidd som politisk rådgjevar for finansminister Norman Lamont og innanriksminister Michael Howard i John Major si konservative regjering (1992-1997).

I løpet av perioden sin som partileiar førte Cameron Det konservative partiet mot sentrum i britisk politikk, og dette var noko av grunnlaget for den framgangen partiet fekk ved parlamentsvalet i 2010.

Cameron er gift med Samantha Sheffield (fødd 1971) og har to born, fødde i 2004 og 2006.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: David Cameron
Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.