David Mansfield

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
David Mansfield
Fødd13. september 1956
FødestadLeonia
OpphavUSA
Aktiv1974–
Instrumentgitar, fele
Verka somkomponist, musikar, fiolinist, gitarist, filmmusikkomponist, låtskrivar
Gift medMaggie Greenwald

David Mansfield (fødd 13. september 1956)[1] er ein USA-amerikansk musikar og komponist.

Bob Dylan bad Mansfield om å bli med på turneen hans i 1975, Rolling Thunder Revue-turneen, og han vart verande i bandet til Dylan til verdsturneen i 1978 var over.

Etter Revue-turneen var over i 1976 slo Mansfield og to andre medlemmar i bandet til Dylan, T-Bone Burnett og Steven Soles, seg saman og danna The Alpha Band. Bandet gav ut tre album, The Alpha Band i 1977, Spark in the Dark i 1977 og The Statue Makers of Hollywood i 1978.

Etter The Alpha Band vart oppløyst fortsette Mansfield å arbeide for artistar som Dylan, Burnett, Johnny Cash, Nanci Griffith, Roger McGuinn, Sam Phillips, Mark Heard, The Roches, Edie Brickell, Spinal Tap, Lucinda Williams, Dwight Yoakam, Victoria Williams, Loudon Wainwright III, Willie Nile, Chris Hillman, Herb Pedersen og andre.

Mansfield har komponert musikk for mange filmar og byrja i 1980 med filmen Heaven's Gate.

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Film Reference

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]