Chris Hillman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chris Hillman

Chris Hillman i 2004.
Fødd4. desember 1944 (79 år) i Los Angeles.
FødestadLos Angeles
FødenamnChristopher Hillman
OpphavUSA
Aktiv1960 - til i dag
SjangerFolk, bluegrass, folkrock, rock, countryrock, country.
Instrumentgitar, mandolin, bassgitar, vokal.
PlateselskapColumbia, Sugar Hill, Asylum, A&M, Rounder.
Verka somLåtskrivar, musikar
PrisarAmericana Lifetime Achievement Award for Performance, MOJO Awards

Christopher Hillman (fødd 4. desember 1944) var eit av dei opphavlege medlemmene i The Byrds. I lag med Gram Parsons, som han ofte samarbeidde med, var Chris Hillman ein nøkkelfigur i utviklinga av countryrock, og definerte i røynda sjangeren gjennom arbeidet sitt i The Byrds og The Flying Burrito Brothers. Seinare vart han frontmannen i countrybandet Desert Rose Band.

Hillman vart i 1964 medlem i The Byrds, etter å tidlegare ha spelt i ulike ukjente grupper. Han fekk oppgåva som bassist, sjølv om han eigentleg då berre kunne spele mandolin. Men han lærte seg raskt bass og spelte med The Byrds under den mest framgangsrike perioden deira. I 1968 forlet han The Byrds og starta gruppa The Flying Burrito Brothers i lag med Gram Parsons. Her heldt han fram vidareutviklinga av countryrocken og spelte her fram til 1972.

Han hadde seinare nokre mindre countryprojekt utover resten av 1970-talet. Han starta bandet The Desert Rose Band i 1986 og opplevde då den mest framgangsrike perioden sin som artist etter The Byrds. Gruppa vart oppløyst i 1994.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]