David Nielsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
David Nielsen
Personleg informasjon
Fullt namn David Jean Nielsen
Fødd 1. desember 1976 (47 år)
Fødestad Skagen
Høgd 183
Ungdomsklubbar
1982-1992
1992-1994
Skagen IK
Frederikshamn
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1994
1994-1996
1996
1996-1997

1997-2001
2000-2001

2001
2001-2003
2003-2005
2005-2006
2006-2007
2007-2008
2008
2009-2010
Frederikshamn
Odense
Lyngby
Fortuna Düsseldorf
FC Københamn
Grimsby (lån)
Wimbledon
Norwich
Aalborg
FC Midtjylland
IK Start
Odense
Strømsgodset
Brann

9 (2)
13 (10)
13 (1)

108 (36)
17 (5)

23 (4)
58 (14)
40 (17)
10 (2)
21 (7)
14 (3)
23 (9)
24 (4)
Landslag
1992
1991-1992
1993-1995
1996-1997
Danmark U16
Danmark U17
Danmark U19
Danmark U21
3(3)
21 (14)
18 (13)
4 (3)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 4. mai 2010

David Nielsen (fødd 1. desember 1976) er ein dansk fotballspelar og -trenar. Han spelte for norske Brann ut 2010-sesongen, då han la opp som toppfotballspelar. Sidan har han vore spelar og trenar i Fyllingen, assistenttrenar i Løv-Ham og, frå sommaren 2011, trenar i Nest-Sotra Fotball.[1]

Karriere som spelar[endre | endre wikiteksten]

Nielsen starta karrieren i Skagen på aldersbestemte lag. Angriparen har spelt ei rekkje aldersbestemte landskampar for Danmark. U-16 3 kamper, 3 mål U-17 21 kamper, 14 mål U-19 18 kamper, 13 mål U-21 4 kamper, 3 mål

Frå hausten 2006 til sommaren 2007 spelte Nielsen for IK Start. Etter dette gjekk han til Odense Boldklub før han vart lånt ut til Strømsgodset for 2008-sesongen.

SK Brann[endre | endre wikiteksten]

Den 26. januar 2009 vart det klart at Nielsen hadde signert ein halvtanna års kontrakt med Sportsklubben Brann. Brann-spissen Demba-Nyrèn signerte for OB og Odense betalte eit beløp som i pressen vart hevda å vere mellom 7-8 millionar. I avtalen låg òg ein overgang for David Nielsen. David Nielsen speler med draktnummer 10 i Brann.

Under ein heimekamp mot Stabæk den 22. mars 2009 kolliderte Nielsen med medspelar Karadas, og vart liggjande blødande på banen.[2] Episoden skapte litt kontrovers, då Nielsen ville tilbake på banen og Brann-legane tillet dette, sjølv om dansken enda på sjukehus etter kampen.[2]

Utanomsportsleg[endre | endre wikiteksten]

På starten av 90-talet var David Nielsen forsongar i rockbandet Concrete Puppet Frog, som seinare vart til moi Caprice. Nielsen har i sine tidlegare klubbar vore innblanda i ein del bråk. Han har vorte sikta av Politiet for å ha slått ned Viking-spelaren Allan Gaarde i 2004[3], under ei trening der dei begge spelte saman i Aalborg

Hausten 2008 skapte han stor kontrovers med sjølvbiografien sin Sorte svin der han mellom anna innrømmer at han med vilje prøvde å tape ein kamp mot FC Københamn. Tap i den kampen ville føre til at FCK vart seriemeistrar og klubben Aalborg, som Nielsen spelte for, ville sikrast ein plass i UEFA-cupen som følgje av at dei hadde tapt den danske cupfinalen for FCK same sesong. David Nielsen var etter eige utsegn i pengeproblem på denne tida og ein plass i UEFA-cupen ville gjeve han ein bonus på 300 000 danske kroner. Desse innrømmingane førte mellom anna til at klubben hans Odense ikkje ønskte han tilbake etter utlånet i Strømsgodset.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. NRK.no, 14.07.11: David Nielsen blir trener i 2. divisjon
  2. 2,0 2,1 «Brann-legen: - Nielsen ville ikkje ut». VG.no. 22. mars 2009. Henta 25. mars 2009. 
  3. «Nielsen siktet for Gaarde-slag». VG.no. 19.november 2008. Henta 25. mars 2009.