Fortuna Düsseldorf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fortuna Düsseldorf
Fortuna Düsseldorf.svg
Fullt namnDüsseldorfer Turn- und Sportverein Fortuna 1895 e. V.
KallenamnFlingeraner
Grunnlagd5. mai 1895
HeimebaneMerkur Spielarena
(kapasitet: 54,800)
HovudtrenarFriedhelm Funkel
LigaBundesliga
2018/1910. plass
NettstadHeimeside
Soccerball current event.svg Noverande sesong

Düsseldorfer Turn- und Sportverein Fortuna 1895 e.V er ein tysk fotballklubb heimehøyrande i Düsseldorf i delstaten Nordrhein-Westfalen, skipa 5. mai 1895. Fortuna spelar heimekampane på Esprit Arena, eit stadion med plass til 54 600 tilskodarar. Laget spelar i kvite og raude drakter. Fortuna vart seriemeistrar i 1933, tapte finalen i Cupvinnarcupen 1979 og vann den vesttyske cupfinalen i 1979 og 1980. Etter 1997 har ikkje klubben delte i Bundesligaen.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Fortuna vann seriefinalen 1933 mot Schalke 04. Også i 1936 spelte laget seriefinale, ein kamp som enda med Fortuna-tap. Sameleis gjekk det året etter då Fortuna nådde cupfinalen for fyrste gong. Eit sterkt Fortuna-mannskap deltok i den vesttyske cupfinalen 1957, 1958 og 1962, men alle kampane enda med tap for laget frå Düsseldorf. Tidenes beste Fortuna-lag spelte åra 1978-80 tre nasjonale cupfinalar på rad. Den fyrste enda med endå eit finaletap, men både i 1979 og 1980 kunne Fortuna-kapteinen hev den vesttyske cupokalen. Den 16. mai 1979 spelte Fortuna finale i cupvinnarcupen mot FC Barcelona i Basel, eit oppgjer der det etter 120 minuttar stod 4-3 til Barcelona på måltavla. Etter nedrykk frå Bundesliga i 1987 gjorde Fortuna lite av seg i tysk fotball og sidan siste nedrykk frå toppserien i 1997 har laget spelt på nivå to eller tre i seriesystemet.

Angrepsspelaren Klaus Allofs er den beste fotballspelaren som har opptredd i Fortuna-drakta. Norske Håvard Nielsen har spelt på Fortuna sidan 2017.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]