David Thewlis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
David Thewlis
David Thewlis 2008.jpg
Fødd20. mars 1963
FødestadBlackpool
FødenamnDavid Wheeler
Verka somskodespelar, stemmeskodespelar, teaterskodespelar, filmskodespelar, filmregissør
EktefelleSara Sugarman
SambuarAnna Friel

David Thewlis (fødd 20. mars 1963 som David Wheeler i Blackpool) er ein engelsk skodespelar.

Thewlis studerte på Guildhall School of Drama i London. Den fyrste store filmrolla hans var som den galne gatefilosofen «Johnny» i Naken (1993), ein film han fekk fleire prisar for. Det same året hadde han også ei stor rolle på TV som det seksuelle rovdyret «James Jackson» i Prime Suspect 3.

På 1990-talet spelte Thewlis i mange forskjellige filmar, for det meste fantasy-filmar og historiske drama. Han er nok mest kjent for rolla si som «Remus Lupus» i Harry Potter og Fangen fra Azkaban, Harry Potter og Føniksordenen, Harry Potter og Halvblodsprinsen og Harry Potter og Dødstalismanene. Han hadde ikkje lese nokon av Harry Potter-bøkene før han spelte i filmen. Han synest Fangen frå Azkaban var kjekk å spele inn, men synest det var nokså kjedeleg å spele inn scenen der Remus Lupus blir forvandla til ein varulv. Mellom anna måtte han sitte i sminkestolen i fleire timar.

I 1992 gifta Thewlis seg med regissøren Sara Sugarman, og allereie i 1993 blei dei skilde. I 2001 starta han eit forhold med skodespelarinna Anna Friel, og saman fekk dei dottera Gracie den 9. juli 2005. Paret skilde lag seint i 2010.

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]