Davishavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Davishavet is located in Antarktis
Davishavet
Davishavet (Antarktis)

Davishavet er eit randhav i Sørishavet langs kysten av Aust-Antarktis mellom West isbrem i vest og Shackleton isbrem i aust,[1] eller mellom 82° og 96 °E. Aust for havet ligg Mawsonhavet og i vest ligg Cooperation-havet.

I følgje Store Sovjetiske Leksikon, strekkjer det seg frå 87 °E til 98 °E og er opp mot 1300 meter djupt.[2] Området dekkjer berre eit areal på kring 21 000 km.[3]

Det ligg utanfor kysten av Princess Elizabeth Land (der berre Leopold and Astrid Coast), Wilhelm II Land og Queen Mary Land, alle sektorar i Australsk Antarktis.

Kring 55 km utanfor kysten av Queen Mary Land ligg Drygalski Island. Den russiske Mirny-stasjonen vart bygt ved kysten av Queen Mary Land i 1956. Roscoe Glacier renn ut i austlege delar av Davishavet. Like utanfor kysten ligg òg Bigelow Rock og Gillies Islands.

Havområdet vart oppdaga av Australian Antarctic Expedition (1911–14) frå skipet «Aurora». Det vart namngjeve av Sir Douglas Mawson etter kaptein J.K. Davis på «Aurora» og nestkommanderande på ekspedisjonen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 66°S 92°E