De Danske Ungdomsforeninger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

De Danske Ungdomsforeninger (DDU) var ein samskipnad av danske ungdomslag som eksisterte mellom 1903 og 1965, då dei slo seg saman med De Danske Gymanstikforeninger (DDG) til De Danske Gymnastik- og Ungdomsforeninger (DDG&U). I 1992 slo DDG&U seg saman med De Danske Skytte-, Gymnastik- og Idrætsforeninger (DDSG&I) til De Danske Gymnastik- og Idrætsforeninger (DGI).

Føremål[endre | endre wikiteksten]

§2 i lovene til DDU, altså føremålsparagrafen, skapte mykje strid opp gjennom åra. Særleg synet på kristendomens plass var det mykje usemje om dei første åra. Etter årsmøtet i 1912 lød føremålsgrafen som følgjande:

Formaalet er paa kristelig Grund at virke for al god, sund, folkelig og kristelig Oplysning og at fremme Sammenholdet og Fælleskabsfølelsen mellem de unge.

Etter eit opprivande årsmøte i 1920 vart §2 endra til:

Foreningens Formaal er at fremme Sammenhold og Fællesskapsfølelse mellem de unge, og ved folkelig og kristelig Oplysning hjelpe dem frem mod Maalet: En vaagen dansk, kristen Ungdom.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Namnet «ungdomsforening» tok dei etter politiske ungdomsforeninger som oppstod på 1880-talet i protest mot provisorie-politikken. Skilnaden mellom desse og dei nye ungdomslaga gjekk på føremålet der dei gamle var utelukkande politiske i verksemda.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første ungdomslaga ein veit om vart skipa i 1887 på Hindsholm, Nørre Aaby og Taasinge på kvar si side av Fyn. I følgje ungdomslaga sjølv kjente ingen av dei til kvarandre før skipinga. I åra etter vart det skipa fleire ungdomslag på Fyn, på Skjælland og Jylland. I 1894 gjekk dei fynske ungdomslaga saman og skipa De sammensluttede fynske Ungdomsforeninger og i 1900 vart De sydøstjyske Ungdomsforeninger skipa. Det var desse to samanslutningane som gjekk saman for å skipe De Danske Ungdomsforeninger i 1903 med sine omlag 50 lokallag og 3500 medlemmar. Allereie i 1907 var medlemstalet auka til 10 000 og samskipnaden fekk sitt høgdepunkt i 1921 med 48 000 medlemmar. Fleire og fleire av dei regionale samanslutningane vart med i samskipnaden med åra, sjølv om somme heile tida valde å stå utanfor.

Under andre verdskrig var DDU ein av skiparane av Dansk Ungdomssamvirke, ein samanslutning av organisasjonar og einskildpersonar som ønskte å motverke samtidas nazistiske og fascistiske tendensar. Føremålet med organisasjonen var å opplyse, engasjere og lære opp ungdom i demokrati.

Etter krigen var det fleire og fleire innan De Danske Ungdomsforeninger og De Danske Gymnastikforeninger som såg at det ideologiske grunnlaget i organisasjonane var meir eller mindre likt, og at det einaste som skilde dei var kva aktivitetar dei dreiv på med. I 1965 gjekk dei saman og vart heitande De Danske Gymnastik- og Ungdomsforeninger.

I Norden[endre | endre wikiteksten]

De Danske Ungdomsforeninger var (og er i dag gjennom DGI) ein del av ein felles nordisk ungdomsrørsle knytt til liberale idear frå samtida og folkeopplysningstankane som ligg i grundtvigianismen. Søsterorganisasjonane i dei andre landa var Finlands Svenska Ungdomsförbund, Føroya Ungdomslandsfélag, Noregs Ungdomslag, Suomen Nuorisoseurat og Ungmennafélag Íslands. I tillegg var det ein tilsvarande rørsle i Sverige, men som aldri vart organisert utover distriktsledd.

I 1948 var DDU med å skipe Nordisk Samorganisasjon for Ungdomsarbeid i lag med søsterorganisasjonane sine samt 4H-forbunda og bondelagas ungdomsforeininger i dei ulike nordiske landa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Eller, Edv. m.fl De danske Ungdomsforeninger i femogtyve aar. Odense: De danske Ungdomsforeninger 1928.
  • Jensen, Jens Marinus Stejftog i erindringen : Jens Marinus Jensen fortæller. Århus: Aros 1971.