De Havilland DH 100 Vampire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


RNAF Vampire KP-NX

de Havilland Vampire var det andre jetdrivne flyet i Royal Air Force. Det vart utvikla og bestilt under andre verdskrig, men kom aldri i kamp. Etter krigen vart flyet mellom anna brukt i det norske luftforsvaret.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Flyet er ei vidareutvikling av eit eksperimentfly som de Havilland starta i Hatfield sommaren 1942 og tenkt som ei erstatning for «Gloster Meteor». Vampire var òg det siste flyet der trevirke vart brukt i konstruksjonen.

dei Havilland Vampire

Vampire flaug fyrste gong 20. september 1943 under namnet «Spider Crab» og vart teke i bruk hos hos Royal Air Force i april 1945, like før den andre verdskrigen var slutt. Vampire kom difor aldri i bruk som stridsfly. Fram til 1955 var flyet RAFs primære jagarfly og nesten 4 000 fly vart bygd, ca. 1 000 under lisens, og det vart teke i bruk av fleire andre flyvåpen, mellom anna Australia, New Zealand, Finland, Frankrike, India, Noreg og Sverige.

Vampire var eit særs allsidig fly. Det var det første jetflyet som kunne landa på hangarskip. I 1948 sette det høgderekorden ved å pressa seg opp til 18 119 m. Seinare same år vart Vampire det fyrste militære ein-setars jetfly som kryssa Atlanterhavet.

Vampire i det norske luftforsvaret[endre | endre wikiteksten]

Eit av F-EN til Luftforsvaret Mk. III Vampire-fly.
Foto: via Europeana.eu

Etter krigen vart det klårt at Luftforsvaret måtte satsa på jagarfly med jetmotor til erstatning for Spitfire og Mosquito, og det vart avgjort at Vampire skulle erstatta desse. I tidsrommet frå 1948 til 1957 vart det skaffa 56 Vampire, 20 av typen F. III og 36 F.B.52. Vampire vart etterfølgt av Republic F-84 Thunderjet.

Norsk de Havilland DH 100 Vampire F.3 utstilt ved Flysamlinga til forsvaret på Gardermoen

Vampire i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Etter at det sveitsiske luftforsvaret fasa ut sina Vampire på 90-talet kjøpte Øyvind Ellingsen inn ein til landet og registrerte den sivilt som LN-JET. Den hadde base på Kjeller og andre eigarar er mellom anna Kjellar Flyhistoriske forening.

Det finst fleire verna Vampire, mellom anna flysamlinga på Gardermoen, på Norsk luftfartsmuseum og ein i Flyhistorisk Muséum på Sola.

I tillegg flaug det ein privat eigd sveitsisk bygt tosetar i Noreg, malt i norske fargar med merkinga PX-M. Flyet var stasjonert på Rygge Flystasjon, og deltek då på flyshow i inn- og utland.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Warbirds of Norway». warbirds.no. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]