Dei bøhmiske brørne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Dei bøhmiske brørne (tsjekkisk Jednota bratrská, latin Unitas Fratrum, 'Eininga til brørne', òg kalla Dei tsjekkiske brørne og Dei mæhriske brørne), var ein kristen fellesskap skipa i 1457 i Böhmen.

Domek Na sboru eller på norsk 'Huset for kyrkjemøte' som Dei bøhmiske brørne i Kunvald brukte.

Dei bøhmiske brørne kan førast attende til Petr Chelčický og rørsla hans, som blei kalla Petr av Chelčický-brørne. Sjølv om han var ein lekmann, vann han respekt på det teologiske området som talsmann for frivillig fattigdom. Kong Georg av Podiebrad gav tilhengjararane hans eigedommen Kunvald som fast tilhaldsstad, og der blei Dei bøhmiske brørne stifta i 1457. Blant støttespelarane og teologiske inspirasjonskjelder var ein av stiftarane Broder Řehoř og den husittiske biskopen Jan Rokycana.

Folk blei kjende med brørne gjennom apologiane og traktatane deira om viktige spørsmål der dei skilde seg frå husittane. Spis o dobrých a zlých kněžích (ein tekst om gode og vonde prestar), Zdali hříšný kněz posvěcuje (I kva grad ein syndig prest innvier sakramentet), O rozdíil, který jest mezi Bratřími (Om dei ulike oppfatningane som er blant Brørne), som òg tok for seg gode og falske kristne, O ouzkě cestě Kristově (Om den tronge vegen til Kristus), O církvi svaté (Om den heilage kyrkja), Kterak sjå lidé majíti k církvi římské (Korleis folk skulle forhalda seg til den romerske kyrkja), O moci světské neb o moci mečové (Om verdsleg makt eller sverdmakt. Truleg var broder Řehoř forfattaren av mange av dei.

Sjølv om dei blei forfølgde auka talet på tilhengjarar, og på eit møte i 1467 i Lhotka nær Rychnov nad Kněžnou bestemte dei seg for å etablera eit styresett etter apostolisk modell. Gjennom loddtrekking valde dei tre prestar. Dei tre prestane var Matěj, son av ein bonde, Eliáš, ein møller, og Tůma Přeloučský, ein skredder som kunne latin. Matěj, som berre var 24 år, blei vald til biskop. Truleg blei alle medlemmane døypte om att rett etter møtet i Lhotka, for å markera at dei ikkje aksepterte sakrament forvalta av prestar i Den katolske kyrkja. Det blei norma at nye medlemmar måtte døyptast når dei blei tekne opp i trussamfunnet.

Imot representantane for ei streng lære, reiste det seg ei gruppe med mildare oppfattingar. På synoden i Rychnov nad Kněžnou i 1494 kom den mildare gruppa under leiing av Lukas frå Praha til makta. Fram til han døydde i 1528 hadde han stor innverknad på Dei bøhmiske brørne. I staden for å ha ein biskop som øvste leier, hadde brørne no eit råd med fire eldste. Det strengare partiet eksisterte under namnet Amositen rundt 50 år etterpå.

Verken den fredelege konverteringa til Dominikanarane rundt 1500 eller den blodige forfølginga til kong Wladislaw II (1503–1516) fekk brørne tilbake til Den katolske kyrkja. Heller ikkje Martin Luther, som forhandla med dei fleire gonger, kunne få dei på si side. Dei insisterte på sølibat, sju sakrament og nattverdslære etter den katolske trua.

Etter at Lukas døydde mista brørne meir og meir den særeigne karakteren sin, og nærma seg lutheranerne (blant anna skrev Martin Luther eit forord til Dei bøhmiske brørne si vedkjenning frå 1535) og sidan læra til dei reformerte. I 1548 måtte mange brør emigrera på grunn av nye forfølgingar til Polen og Hertugdømmet Preussen. Med Confessio Bohemica i 1575 blei dei òg tolererte i Bøhmen.

Under trettiårskrigen blei brørne i Bøhmen nesten heilt utsletta, og kunne berre treffast i løyndom. Biskopen deira Johann Amos Comenius måtte forlata heimlandet i 1627.

Som brørkyrkjelyden (herrnhutismen) fekk dei seinare under Nikolaus Ludwig von Zinzendorf ei oppbløming. I 1918 vart Evangelische Kirche der Böhmischen Brüder etablert.

I 1501 tok Dei bøhmiske brørne i bruk ei av dei første forsamlingssalmebøkene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Rican, Rudolf: The History of the Unity of Brethren – A Protestant Hussite church in Bohemia and Moravia. Winston-Salem, USA: The Moravian Church in America 1992.