Dei langerhanske øyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dei langerhanske øyane er ei cellegruppe som finst i bukspyttkjertelen og har som oppgåve å produsera tre hormon: Insulin og glukagon, som regulerer blodsukkernivået, og somatostatin, som moteverker produksjonen av dei to andre hormona.

Dei langerhanske øyane utgjer 1-2 % av massen i bukspyttkjertelen. Dei er sett saman av tre celletypar som har ulike oppgåver. Alfacellene står for produkjsonen av glukagon, dei mange betacellene for insulin, medan deltacellene utsondrar somatostatin.

Øyane blei oppdaga i 1869 av den tyske anatomikaren Paul Langerhans og fekk namn etter han.