Dei nordlege krosstoga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Krosstog

De nordlige krosstoga eller Austersjøkrosstoga var krosstog som blei utført av dei kristne kongane i Danmark og Sverige og Den tyske ordenen mot heidenske folk som budde langs Austersjøen. Svenskane og tyskarane førte også krosstog mot dei russisk-ortodokse kongedøma i nord. Nokre av desse handlingane blei kalla krosstog i samtida si, men dei fleste, særleg dei svensk,e fekk denne nemninga først av nasjonalromantiske historikarar på 1800-talet. Krosstog mot heidenske baltarar var likevel blitt autoriserte av pave Aleksander III i bullen Non parum animus noster frå 1171 eller 1172.[1]

Dei råka områda i Baltikum blei etterkvart koloniserte av tyskarar, svenskar og danskar. Finnane, estarane, latviarane, litauarane og gammalprøyssarane konverterte til kristendommen. Også norske styrkar dtok del; både kongar og privatpersonar var med på krosstoga i Austersjøen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Christiansen, Eric. The Northern Crusades. London: Penguin Books. s. 71