Barnekrosstoget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Krosstog

Barnekrosstoget i 1212 er eit omstridt tema; det er uklårt om det skal definerast som eit eigentleg krosstog, og om det i det heile fann stad. Det blir fortalt at eit utbrot av folkeleg entusiasme i Frankrike og Tyskland førte til at ei stor mengd med born samla seg for å ta tilbake Det heilage landet. Pave Innocens III skal ha tolka dette som eit teikn ifrå himmelen på at dei eldre krossfarane var uverdige. Ingen av borna nådde Det heilage landet; dei ble selde som slavar eller svalt ihjel undervegs gjennom Anatolia.

Nyare forsking tyder på at desse «borna» heller var fattigfolk og/eller andre rotlause, men vi har ikkje sikker kunnskap om kva som fann stad.

I litteratur[endre | endre wikiteksten]

Det har vorte hevda at eventyret om Rottefangaren frå Hameln skal vera eit forsøk på å omskriva det tapet av born som barnekrosstoget førte med seg. Tor Åge Bringsværd skriv om dette i romanen Gobi – Barndommens Måne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]