Deildegast
Deildegast (av tysk geist) er i norsk folketru ein attergangar eller eit gjenferd (spøkelse) etter ein person som i levende live har flutt grensemerke (deilder) mellom gardar. Målet med slik flytting var utviding av eigen eller slekta sin eigedom. Etter dauden vert ein slik person ein deildegast. Deildegasten må prøva å flytta deilden attende til rett plass. Oppgåva er umogleg, og attergongaren skal uttrykkja misnøya si med skrik og stønning.[1] Om eit levande menneske flyttar merkesteinen attende på plass, kan deildegasten få fred og spøkeriet ta slutt.
Deildegastar er blitt kalla skogagastar i Setesdal og Åmli og heigastar andre stader.[1]
Deildegastar i litteraturen
[endre | endre wikiteksten]Minnet om deildegastane er å finna i Draumkvedet, der dei er skildra slik:
- So kom eg meg åt manne dei
- dei bar på gloande jord
- Gu` nåe dei synduge såline
- som flytte delder i skog.
Deildegasten vert rekna som ein variant av myta om Sisyfos og steinen hans. Denne typen attergongar er òg med i diktet Dømd i Haugtussa av Arne Garborg.
- Eg gjekk som ærelause Svein
- og flutte denne Deildestein;
- eg braut mitt Ord, og braut mi tru
- og kann kje millom Vénir bu.
- Eg finn kje Fred og Faderfamn,
- Gud hjelpe meg i Jesu Namn!
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Andreas Faye (1948). Norske Folke-Sagn. Oslo: Norsk Folkeminnelags Forlag. s. 75–76.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Deildegast Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine. på Åsgard - det mystiske bibliotek
- Deildegast Arkivert 2007-10-08 ved Wayback Machine. på http://www.dekar.no