Delaunay på månen
Koordinatar | 22°12′S 2°30′E / 22.2°S 2.5°E | ||
---|---|---|---|
Diameter | 46 km | ||
Djupne | 1.9 km | ||
Colengdegrad | 358° ved soloppgang | ||
Eponym | Charles E. Delaunay |
Delaunay er eit månekrater. Kratera La Caille i sørvest og Faye i nordaust, grensa til ytterkanten av Delaunay. Lenger nordvest ligg det markante Arzachel.
Det er kalla opp etter den franske astronom Charles Eugène Delaunay (1816–1872), som i verket sitt Théorie du Mouvement de la Lune (1860, 1867) gav ei inngåande matematisk handsaming av rørsla til månen.
Dette er ein irregulær kraterformasjon med ein indre rygg som går frå nordaustsida og nesten deler krateret i to. Dette gjev krateret ei hjarteform. Ryggen vert stadig tynnare mot sørvestkanten, før det endar i eit spisst punkt, slik at han ser ut som ei klo. Den ytre kanten av krateret er like ujamn, og den ujamne indre veggen har varierande breidde. Den sørlege kanten er særleg øydelagd av andre nedslag, mellom anna La Caille E, som går inn i det indre.
Satellittkrater
[endre | endre wikiteksten]Til vanleg er desse identifisert på månekart med ein bokstav ved sidan av kratermidtpunktet som er nærast Delaunay.
Delaunay | Breiddegrad | Lengdegrad | Diameter |
---|---|---|---|
A | 21.9° S | 2.0° E | 6 km |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Delaunay på månen» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mai 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Andersson, L. E.; Whitaker, E. A. (1982). NASA Catalogue of Lunar Nomenclature. NASA RP-1097.
- Blue, Jennifer (July 25, 2007). «Gazetteer of Planetary Nomenclature». USGS. Henta 5. august 2007.[daud lenkje]
- Bussey, B.; Spudis, P. (2004). The Clementine Atlas of the Moon. New York: Cambridge University Press. ISBN 978-0-521-81528-4.
- Cocks, Elijah E.; Cocks, Josiah C. (1995). Who's Who on the Moon: A Biographical Dictionary of Lunar Nomenclature. Tudor Publishers. ISBN 978-0-936389-27-1.
- McDowell, Jonathan (July 15, 2007). «Lunar Nomenclature». Jonathan's Space Report. Henta 24. oktober 2007.
- doi:10.1007/BF00171763 10.1007/BF00171763
- Moore, Patrick (2001). On the Moon. Sterling Publishing Co. ISBN 978-0-304-35469-6.
- Price, Fred W. (1988). The Moon Observer's Handbook. Cambridge University Press. ISBN 978-0-521-33500-3.
- Rükl, Antonín (1990). Atlas of the Moon. Kalmbach Books. ISBN 978-0-913135-17-4.
- Webb, Rev. T. W. (1962). Celestial Objects for Common Telescopes (6th revision utg.). Dover. ISBN 978-0-486-20917-3.
- Whitaker, Ewen A. (1999). Mapping and Naming the Moon. Cambridge University Press. ISBN 978-0-521-62248-6.
- Wlasuk, Peter T. (2000). Observing the Moon. Springer. ISBN 978-1-85233-193-1.