Eponym

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eponym er ord som har sine opphav i særnamn, t.d. namnet til ein (ekte eller fiktiv) person eller eit varemerke, men som har glidd inn i språket slik at ein til vanleg ikkje tenkjer på opphavet til orda når ein brukar dei.

På norsk refererer omgrepet eponym først og fremst til namnet på objektet eller aktiviteten som vert omtala, ikkje til personen som namnet stammar frå.

Bruken av eponym er mest tydeleg i vitskapen (t.d. newton, etter Sir Isaac Newton), og særleg i medisin (t.d. akilles-sene, etter Akilles) og astronomi (t.d. krateret Bjerknes på Mars, etter meteorologen Vilhelm Bjerknes).

Mange varemerke er oppkalla etter personar: Casio, Colt, Ford, Gore-Tex, osb. Dette er ei enkel form for eponym. Andre gonger er namnet på opphavsmannen innbakt i namnet på oppfinninga, uavhengig av merke: erlenmeyerkolbe (Emil Erlenmeyer), geigerteljar (Hans Geiger), giljotin (Josef-Ignace Guillotin), morsealfabetet (Samuel Morse), saksofon (Adolphe Sax).

Men om somme produkt blir særnamn brukte i daglegtale heilt uavhengig av både produsent, oppfinnar og merke, sjølv om namna eigentleg er registrerte varemerke. Som oftast er dette namnet på den første leverandøren av produktet. Døme: aspirin (Bayer), linoleum (F. Walton), parmaskinke (Parma i Italia), potetgull (Kraft Foods/Maarud), primus (Primus AB), sjampanje (Champagne i Frankrike), termos (Thermos), trampoline (Griswold-Nissen), walkman (Sony). Alle desse ligg i grenseland for patent- og varemerkevernet, og ein bør vera varsam med å setja slike namn på trykk i feil samanhang.

Fleire døme:

Byane Fredrikstad og Kristiansand er døme på norske byar som har fått eponyme namn etter danske kongar.

Ordet braille vert ofte brukt om blindeskrift, etter oppfinnaren, Louis Braille.

Omgrepet quisling stammar frå Vidkun Quisling, som samarbeidde med tyskarane under andre verdskrigen. Ordet er i dag synonymt med både «forrædar» og «landssvikar».

Boysenbær, Cæsar-salat og Waldorff-salat er døme på eponyme matrettar.

Bleier heiter berre Pampers på mange språk. Det engelske språket inneheld mange velkjende eponym, m.a. verbet to hoover (å støvsuga), etter støvsugarprodusenten William Henry Hoover, dobbeltsmørbrødet sandwich, etter jarlen av Sandwich, wellingtons (sjøstøvlar), etter hertugen av Wellington, og to xerox (å ta kopi av), etter namnet på den første kopimaskinprodusenten.