Delawarebukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Delawarebukta
bukt
Land  USA
Del av Atlanterhavet
Kart
Delawarebukta
39°04′00″N 75°10′00″W / 39.066666666667°N 75.166666666667°W / 39.066666666667; -75.166666666667
Kart over Delawarebukta (i turkis øvst t.h.)
Kart over Delawarebukta (i turkis øvst t.h.)
Kart over Delawarebukta (i turkis øvst t.h.)
Wikimedia Commons: Delaware Bay

Delawarebukta (engelsk Delaware Bay) er ei djup bukt, og ei forlenging av utløpet til Delawareelva på den nordaustlege kysten av USA. Denne bukta forkortar sjøvegen mellom Philadelphia og Baltimore, og må også brukast av alle skip som skal til hamna i Philadelphia. Bukta har eit areal på rundt 2030 km².[1] Ferskvatnet frå elva som renn ut i bukta blandar seg i mange kilometer med saltvatnet frå Atlanterhavet.

Delaware Breakwater aust for Lewes.

Bukta grensar til kystane av dei amerikanske delstatane New Jersey og Delaware, og med Delaware-kappa, Cape Henlopen og Cape May, ved Atlanterhavet. Det går ei ferjerute til og frå Cape May i New Jersey og Lewes i Delaware. Forvaltinga av hamnene langs bukta er ansvaret til det tostatlege organet Delaware River and Bay Authority (DRBA).

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Elvene som renn ut i bukta dannar estuar, og ho er hovudsakleg er omkransa av saltsumper og mudderflater. Fleire av elvene og våtmarkene kring dei er verna, og Delawarebukta er rekna som ein ramsarstad i 1992. Dei dannar livsgrunnlaget for fleire vasslevande dyr, som krabbearten Limulus polyphemus og østersarten Crassostrea virginica.[2] Bukta er ein viktig stoppestad for over 30 artar av trekkande kystfuglar som trekk nordover i mai. Mange fuglar, som polarsnipe, nyttar bukta til å byggja opp energireservar gjennom å eta krabbeegg etter det lange trekket sitt. Delawarebukta husar den største populasjonen av krabbetypen dolkehalar i verda.[3][4][5][6][7]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Overview of the Delaware River Watershed Arkivert 2005-01-10 ved Wayback Machine.
  2. «Delaware Bay Oyster Culture – Past, Present and Potential Future» (PDF). W. J. Canzonier, N J Aquaculture Association. 4. oktober 2004. 
  3. «Horseshoe Crab: A Key Player in Ecology, Medicine, and More». Encyclopedia Britannica (på engelsk). Arkivert frå originalen 17. august 2021. Henta 17. august 2021. 
  4. «Horseshoe Crab Conservation». dnr.maryland.gov. Arkivert frå originalen 17. august 2021. Henta 17. august 2021. 
  5. «Horseshoe Crab». National Wildlife Federation (på engelsk). Arkivert frå originalen 17. august 2021. Henta 17. august 2021. 
  6. «Ecology». www.horseshoecrab.org. Arkivert frå originalen 20. juli 2021. Henta 17. august 2021. 
  7. Fisheries, NOAA (28. april 2021). «Horseshoe Crabs: Managing a Resource for Birds, Bait, and Blood | NOAA Fisheries». NOAA (på engelsk). Arkivert frå originalen 17. august 2021. Henta 17. august 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Delawarebukta