Delawareelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Delawareelva
elv
Land  USA
Munning Delawarebukta
Kart
Delawareelva
41°56′20″N 75°16′45″W / 41.939°N 75.2791°W / 41.939; -75.2791
Nedbørsfeltet for Delaware River på nordøstkysten av USA
Nedbørsfeltet for Delaware River på nordøstkysten av USA
Nedbørsfeltet for Delaware River på nordøstkysten av USA
Wikimedia Commons: Delaware River

Delaware-elva er ei stor elv ved atlanterhavskysten av USA. Ho er den lengste frittflytande (uoppdemde) elva i austlege USA. Frå elva oppstår i Hancock i New York renn elva 454 km[1] langs grensene til New York, Pennsylvania, New Jersey og Delaware, før ho munnar ut i Delawarebukta.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Delawareelva har kjelde i Catskillfjella i New York, der dei to bielvane hennar West Branch ved Mount Jefferson og East Branch ved Grand Gorge har utspring. Desse elvene renn saman til Delawareelva ved Hancock i New York. Elva møter tidvatnet ved Trenton i New Jersey. Den totale lengda hennar frå utspringet til den lengste greina av utløpet er på 660 km, medan sjølve elva ovanfor Delawarebukta berre er 579 km lang. Den gjennomsnittlege vassføringa er 330 m³ per sekund. Nedbørsfeltet har eit areal på 14 119 km² i fem amerikanske delstatar: New York, New Jersey, Pennsylvania, Maryland og Delaware. Elva flyt 674 km inn i Delawarebukta, der vatnet går ut i Atlanterhavet i nærleiken av Cape May i New Jersey og Cape Henlopen i Delaware. Om ein ser bort frå Delawarebukta utgjer lengda på elva, inkludert dei to sideelvane hennar, 624 km.[a][2] Delaware-elva er eit av nitten «store vatn» som er anerkjende av Great Waters Coalition.[3]

Grenseelv[endre | endre wikiteksten]

Elva blei utforska av nederlandske Adriaen Block som del av kolonien Ny-Nederland og fekk namnet Sørelva for å markera den sørlegaste grensa til kolonien.

Delaware utgjer no delar av grensa mellom Pennsylvania og New York, heile grensa mellom New Jersey og Pennsylvania og heile grensa mellom Delaware og New Jersey.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hovudgreina frå Hancock til enden av Delawarebukta er 484 km.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «DRB river-mileage spreadsheet» (PDF). River Mileage System. Delaware River Basin Commission. Henta 24. oktober 2022. 
  2. U.S. Geological Survey. National Hydrography Dataset high-resolution flowline data. The National Map Arkivert 30. juni 2016 på Wayback Machine.
  3. National Wildlife Federation (18. august 2010): «America's Great Waters Coalition» Arkivert 15. august 2011 på Wayback Machine.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Delawareelva