Delaware

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
State of Delaware
Delstatsflagg for Delaware Delstatsvåpen
Kallenamn: The First State, The Diamond State[1]
Sambandsstaten Delaware
Hovudstad Dover
Største by Wilmington
Guvernør John Carney
Offisielle språk Ingen
Storleik 6 452 km²
 - Areal, land 5 068 km²
 - Areal, vatn 1 387 km² (21,5%)
Folketal (2007[1]) 864 800
Folketettleik 154,87 /km²
Sambandsstat sidan 7. desember 1787
Forkorting DE eller Del[1]

Delaware er ein delstat ved austkysten av USA. Hovudstaden er Dover medan den største byen er Wilmington. Delstaten var den fyrste som vart innlemma i USA. Delaware er den nest minste av delstatane i USA, etter Rhode Island. Han grensar mot Maryland og Pennsylvania.[1]

Brandywine Valley i Delaware.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Delaware utgjer den nordaustlege delen av Delmarva-halvøya som ligg mellom Chesapeake Bay og Delaware Bay. Området høyrer til den atlantiske kystsletta, og består av ei fruktbar, flat slette som sjelden når høgare enn 20 moh. Helt i nordvest hever låge åsparti seg opp til 134 moh. Delaware har temperert klima.[1]

Kyrkja «Old Swedes» bygd i 1699 av svenske innvandrarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Delstaten har namn etter Delaware-elva som igjen var kalla opp etter engelske Thomas West, 3. baron De La Warr. Dette namnet blei også brukt om lenapefolka som budde nord i området. I tillegg til lenape var nanticokefolket i sør eit viktig urfolk. Dei første europeiske innvandrarane var nederlandske handelsfolk som grunnla kolonien Zwaanendael i 1631.[2] Svenskar skipa Nya Sverige her i 1638.

Delaware var ein av dei tretten koloniane som tok del i den amerikanske revolusjonen som førte til sjølvstende for USA. Han var den første staten som ratifiserte den amerikanske grunnloven, den 7. desember 1787, og er dermed blitt kjend som den første amerikanske delstaten eller «The First State».[3]

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Hamna i Wilmington på 1920-talet.

Delstaten er hovudsakleg ein industristat, men vel halvparten av landarealet blir nytta til jordbruk. Dei viktigaste produkta er soyabønner, mais, asparges og fjørfe (broilerar). Industrien er konsentrert i og omkring Wilmington og omfattar mellom anna skipsverft, bilfabrikkar, kjemisk industri (Du Pont de Nemours) og bomullsindustri. Chesapeake and Delaware-kanalen, som går gjennom nordre delen av delstaten, har stor økonomisk tyding.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «Delaware» (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Fri artikkel henta 25. april 2015.
  2. «A brief history». State of Delaware. http://portal.delaware.gov/facts/history/delhist.shtml. 
  3. Sirevåg, Torbjørn. «Delawares historie» (25. november 2014). I Store norske leksikon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Delstatar i USA USA sitt flagg
Alabama | Alaska | Arizona | Arkansas | California | Colorado | Connecticut | Delaware | Florida | Georgia | Hawaii | Idaho | Illinois | Indiana | Iowa | Kansas | Kentucky | Louisiana | Maine | Maryland | Massachusetts | Michigan | Minnesota | Mississippi | Missouri | Montana | Nebraska | Nevada | New Hampshire | New Jersey | New Mexico | New York | Nord-Carolina | Nord-Dakota | Ohio | Oklahoma | Oregon | Pennsylvania | Rhode Island | Sør-Carolina | Sør-Dakota | Tennessee | Texas | Utah | Vermont | Vest-Virginia | Virginia | Washington | Wisconsin | Wyoming
Territorium som ligg direkte under føderaladministrasjon: Amerikansk Samoa | Guam | Nord-Marianane | Puerto Rico | Dei amerikanske Jomfruøyane | Washington, D.C.
Spire Denne geografiartikkelen som har med USA å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.