Deltastråle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Deltastråle eller δ-stråle er strålar av sekundære elektron, det vil seie strålar av elektron som blir slått lause når ioniserande partiklar med stor fart vert bremsa ned i eit stoff. I tåke- og boblekammer og i fotografiske emulsjonar kan sporet av den primære partikkelen sjåast som ei om lag rett linje, spora av deltastrålane viser seg derimot som korte sidegreiner. Ved å studere deltastrålane kan ein få opplysningar om snøggleiken og ladinga til den primære partikkelen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]